Hopp til innhold

Ungdom vil ha fleire møteplassar - men skal det satsast på bygd eller by?

Fleire møteplassar for ungdom må på plass om Sogn og Fjordane skal ha ei framtid. Det var den klare beskjeden frå ungdomen på Framtidskonferansen. Men om satsinga skal skje i ein by eller på bygdene var dei usamde om.

Åsmund Hordvik og Ingunn Hofland

VIL HA EI FRAMTID: Både Åsmund Hordvik og Ingunn Hofland er opptekne av at Sogn og Fjordane skal vere eit fylke der ungdom ser ei framtid.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I går feira Sogn og Fjordane 250 år, først som amt og seinare som fylke. Men korleis skal fylket gå inn i framtida, og korleis skal vi halde fram med å utvikle Sogn og Fjordane?

I dag var både unge og gamle samla i Balestrand til konferanse om nettopp framtida for fylket. Ungdomane var opptekne av å skape fleire samlingspunkt for ungdom. Nokre i by, og andre på bygda.

– Vår løysing er å satse på ei sterk bykjerne, sa 17 år gamle Åsmund Hordvik frå Florø.

17 år gamle Ingunn Hofland frå bygda Våge i Ytre Fjaler hadde derimot ei litt anna tilnærming.

– Vi legg meir vekt på å fremje sjarmen med å bu ei bygd, seier ho.

– Ein plass der unge kan møtast

Hordvik og Hofland snakka på vegner av to grupper utpeika av fylkestinget for ungdom.

Fråflyttingspøkelset har lenge lurt i både krikar og krokar av Sogn og Fjordane. Ungdom reiser ut for å ta utdanning, og mange kjem aldri tilbake.

Men korleis skal ein greie snu trenden? Åsmund Hordvik frå Florø meiner det er viktig å skape ei sterk bykjerne i fylke.

– Vi vil satse på ei sterk bykjerne som det er lett for folk ute i distrikta å kome seg til. Ein plass der unge kan møtast, der vi kan skape ein stor marknad slik at dei store aktørane torer komme dit, seier han.

Shopping og uteliv

I praksis vil han ha på plass dei urbane tilboda som shopping, underhaldning og uteliv.

– Vi vil gjere det slik at unge slepp å gå på same utestad som bestefaren sin når dei skal ut i helgane, nemner han som eit eksempel og fortel vidare.

– Vi vil ha god shopping og slike ting, for vi meiner dette kan få folk som har reist ut for å utdanne seg tilbake. Då kan dei flytte tilbake til bygdefylket Sogn og Fjordane, utan å miste dei urbana tilboda dei har blitt vande til, seier han.

Det viktigaste som må på plass om fylket skal ha ei god framtid, og som Hordvik meiner alle partane i diskusjonen er samde om, er meir aktivitet.

– Vi treng plassar der ungdom kan vere. Vi treng meir enn fotball og handball å drive med på kveldstid. Så det er generelt tilbod der ungdom kan samlast, seier 17-åringen frå Florø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde sentrum

BYKJERNE: Åsmund Hordvik frå Florø ser for seg Førde som den store bykjernen som det bør satsast på.

Foto: Alf Vidar Snæland

Gå ut med bestefar eller ikkje?

Ingunn Hofland frå Ytre Fjaler har eit litt anna syn enn Hordvik, og vil heller satse på sterke bygdesamfunn.

– Vi vil ha tilbake dei gamle tradisjonane. Vi likar å gå på fest med besteforeldra våre. Vi synest det er kult, og det skapar samhald, seier ho.

Ho er oppteken av å halde liv i dei lokale samfunnshusa og meiner det er viktig om bygdesamfunna skal vere levande.

– Det er slik eg har vakse opp. Foreldra mine har alltid snakke om at det var skikkeleg artig å vere samla, alle saman i bygda. Det var høg toleranse for alt og alle. Men slik er det ikkje no lenger.

– Det er difor eg vil ha det tilbake, for det verkar som alt var betre før i tida.

– Kva er problemet i små bygdesamfunn no?

– Folk engasjerer seg ikkje like masse. Dei få eldsjelene som før heldt i op ungdomslaget, dei er der ikkje lenger. Dei nye veit kanskje ikkje korleis dei skal gjere det for å arrangere ting og engasjere folk, seier ho.

– Satsing på by vil vere positivt for bygdene

Sjølv om altså er mest oppteken av å fremje sjarmen med å bu på bygda, er ho samd med Hordvik om at det er viktig også med det urbane i byen.

– Det er kult og det er stort, men eg er litt meir oppteken av å satse på bygda, seier ho.

Hordvik på si side trur ein sterk bykjerne vil vere positivt også for bygdene.

– For all del, vi er veldig glade i bygdesamfunna vi har, og vi vil ha det. Vi vil ikkje at folk berre skal bu i byane. Men det er som ho seier, dei eldsjelene ein hadde før er der ikkje lenger, og dei er gjerne reist ut for å få seg utdanning og har ikkje kome tilbake.

– Dei har kanskje oppdaga tilbod der dei slepp vere saman med besteforeldra sine på utestadar og slike ting, og likar det, og blir der.

– Men med ei sterk bykjerne og urbane tilbod, så kan det hende vi får att nokon av desse eldsjelene. Då kan dei vere med å styrke bygdesamfunna i tillegg. Vi kan ikkje berre byggje opp bykjernen, men vi må likevel ha dei tilboda om vi skal greie trekkje tilbake dei som reiser ut, seier Hordvik.

Florøværingen satsar på Førde

Og det neste spørsmålet blir då, kva ser han for seg som den naturlege plassen om det skal satsast på ei stor bykjerne i Sogn og Fjordane?

– Eg er Florøværing og stolt av det, men om eg ser realistisk på det, så har vi ein samlingsplass i Sogn og Fjordane som er sentral for alle. Det er vondt å seie det, men det er Førde eg vil sjå på som mest aktuell.

– Vi kan jo seie at Førde er eit vegkryss, men i denne samanhengen er det positivt, seier Hordvik.

Skal ein klare å byggje opp Førde som ei stor og viktig bykjerne i Sogn og Fjordane, må heile fylket samarbeide.

– Vi har politikarar som ikkje greier bli samde om brukryssing, så om vi klarar å bli samde om ein heil by… Men om viljen er det trur eg heilt klart det er mogleg.