Hopp til innhold

Selde rekordmange eigedomar i fjor

Det vart selt rekordmange eigedomar i Sogn og Fjordane i fjor. Berre via Finn.no vart det selt 600 private bustader, og totalt vart det selt rundt 1100 eigedomar i Sogn og Fjordane.

Sogndal, Florø, Førde

GOD MARKNAD: Både i dei store tettstadane, Sogndal, Florø og Førde, og i utkantane har det vore eit godt år for dei som har selt bustader.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Steinar Lote/Rune Fossum / NRK

– 2012 vart eit rekordår, seier Pål Anders Kårstad, som er dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, den leiande eigedomsmeklaren i fylket.

Tal han har henta fram viser ei positiv utvikling i forhold til tal selde eigedomar, både i tettstadane og i utkantane av fylket.

I forhold til det samla talet for selde eigedomar i fylket er det ikkje klart enno, men tal frå Finanstilsynet viser at det i 2011 vart selt 1040 eigedomar i fylket, og Kårstad reknar med at talet for 2012 vil bli høgare og altså legge seg på rundt 1100.

Talet på 1100 inkluderer alt frå tomter, bustader og næringseigedommar til fritidsbustader og hytter.

Skuldast truleg ikkje tilflytting

Med ny rekord i selde eigedomar i Sogn og Fjordane har det truleg blitt mange glis på både dei som har kjøpt og dei som har selt.

Berre via Finn.no vart det selt rundt 600 private bustader i Sogn og Fjordane. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS selde 430 av dei, medan resten er selt via andre eigedomsmeklarar, advokatar, private og utbyggarar.

Kårstad meiner ein ikkje kan forklare rekordåret med at det flyttar fleire til Sogn og Fjordane.

– Det er mykje snakk om fråflytting og at det er viktig at folk kjem attende. Men no kan ikkje desse tala forklarast med at det flyttar veldig mykje folk hit, det handlar meir om trendar i tida.

Trenden går på at folk no flyttar meir på seg enn før, forklarar han.

– Til dømes flytter mange eldre frå einebustad og inn i leilegheiter. Det er mange ulike behov som melder seg gjennom eit livsløp, seier Kårstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pål Anders Kårstad

IKKJE FOR DYRT: Dagleg leiar ved Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, Pål Anders Kårstad, har ikkje inntrykk av at bustadprisane er for dyre i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Selde hus for over fem millionar

Den dyraste bustaden Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS selde i fjor ligg i Sogndal. Ein einebustad med gode kvalitetar gjekk for 5.150.000 kroner.

– Det er klart dette er mykje for eit hus, men på same tid var dette eit bustadhus med flott utsikt over sentrum, eit steinkast frå Sogningen storsenter, og det var gode leigemoglegheiter.

– Då er marknaden villig til å betale den prisen, seier Kårstad.

Også i Førde, Florø og Nordfjordeid har folk vore villige til å strekkje seg lenger når det har vore mange som har vore interessert i same bustad.

I Førde var den dyraste bustaden ein einebustad med utleige som vart selt for 4,7 millionar kroner, medan ein einebustad i Eid gjekk for 3.350.000 kroner.

– Ikkje inntrykk av at det er for dyrt

Mange meiner prisane i dei største tettstadane i fylket er blitt for høge, men Kårstad har ikkje inntrykk at av det er blitt for dyrt.

– For meg verkar det ikkje som at prisane er for høge. Det som avgjer prisane er gjerne psykologi og kva som skjer i lokale område. I tillegg til kva bankane kan tilby i rentevilkår.

– Slik som i Førde så har det vore mykje vekst, og press på prisane i enkelte område. Det er store variasjonar, men eg har ikkje inntrykk av at det er for dyrt, seier Kårstad.

Han seier ei viktig forklaring på at ein landet rundt ser at prisane på bustad går opp er at prisane for nybygging stig. Dette skjer som ei naturleg følgje av at lønsnivået og prisnivået går opp.

– Når prisen på nye bustader går opp følgjer prisen på brukte bustader etter, men dei legg seg på eit nivå under, seier Kårstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus selt langt over takst

ATTRAKTIVT: Dette huset i Førde vart i fjor vår selt for over ein million over takst.

Foto: Skjermdump frå finn.no

Ser etter alternativ utanfor tettstadane

Kårstad seier salet av eigedomar går godt også i utkantane.

– I nabokommunane til regionsentera i fylket går det bra. Det har med at prisane i regionsentera stig og då vil mange gjerne sjå etter alternativ i nabokommunane.

– Her kan ein finne veldig mykje bra, og ein får meir for pengane, seier Kårstad.

Han seier at dei også i Askvoll, Fjaler, Dale og Hyllestad ser at det er ein velfungerande bustadmarknad.

Eldre sel unna husa sine

Tore Berqvam er dagleg leier i Garanti Vest. Han opplever også at det har vore eit godt år for sal av eigedomar i Sogn og Fjordane.

– Det har i snitt gått relativt raskt frå visningar til eigedomane har blitt selde. Sjølvsagt er det unntak, seier han til NRK.no.

Som alle andre eigedomsmeklarar nyttar dei seg også av Finn.no. I tillegg brukar dei ei rekkje andre nettsider og to lokalaviser, Firda og Firdaposten, for å marknadsføre eigedomane dei har for sal.

Også Garanti Vest legg merke til at mange eldre no sel huset sitt tidlegare enn før.

– Ein treng ikkje vere så veldig gamle, kanskje berre i slutten av 50-åra, seier Berqvam.

– Mange av våre kundar seier dei heller vil prioritere meir tid på hytta eller langtidsferier. Dei sel unna huset for å sleppe hage og vedlikehald.

Han stadfestar vidare at dei har selt eigedomar for gode prisar i fjor. Bergqvam vil ikkje gå ut med eksakte summar, men seier den dyraste bustaden gjekk for godt over fem millionar kroner.