Hopp til innhold

Du må ut med 6 millionar kroner om du vil bu i desse bustadane

Prisane på bustadhus og leilegheiter i fylket er stadig aukande. Høge prisar for å byggje nytt og for lite tilgang på tomter pressar prisane - og både i Førde og Sogndal må du punge ut med seks millionar for dei dyraste objekta.

Bustadannonsar i Førde og Sogndal

FØRDE OG SOGNDAL: Bustadprisane aukar jamt og trutt. Desse to ligg ute på Finn.no med eit prisforslag på rundt 6 millionar kroner.

Foto: Skjermdump/montasje

I skrivande stund ligg eit 293 kvm stort bustadhus i Slåttebakkane i Førde ute til sals med eit prisforslag på 6,2 millionar kroner.

Det kan fort vise seg å bli eit av dei dyraste husa som er selt i Sogn og Fjordane når visningane er over neste veke.

I Sogndal ligg prisforslaget på ein 126 kvm stor toppleiligheit ved fjorden på 5,9 millionar kroner.

– Når det er få tomter tilgjengeleg, og byggjekostnadene ved å byggje nye hus er så dyrt som det er i dag, så pressar det prisane opp på bustadmarknaden, seier takstmann Bjarte Roska.

21 000 kroner per kvm

Han har taksert bustadhus og leilegheiter i Førde i ei årrekkje.

Roska får støtte frå dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

– Prisen for å byggje ein ny bustad i fylket med tomt ligg på rundt 21 000 kroner per kvadratmater. Då vil eit bustadhus av same størrelse som den i Halbrendslia kunne koste mellom 6 og 7 millionar kroner, meiner han.

Men i Førde er det mangel på bustadtomter til sals i sentrum.

Plassering er viktig

– Når ein bustad har god plassering og også ein utleigedel, så er folk villige til å bla opp, seier Kårstad.

Før jul mekla dei eit bustadhus i Sogndal med slike kvalitetar, og huset gjekk til slutt for 5,1 millionar. Det var éin million kroner over takst.

– Det var rekord for oss på eit bustadhus av den typen. Og vi opplevde god interesse på visningane og bodrunden, fortel Kårstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pål Anders Kårstad

BELIGGENHEIT VIKTIG: seier dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I Førde seier takstmann Roska at om huset i Slåttebakkane hadde lege ved sentralsjukehuset på Vie, kunne huset fort hatt ein prisantydning på over 7 millionar.

Jan Rune Årøy er meklar i Sogndal for eigedomsmekling Sogn og Fjordane, og har hatt ansvaret for toppleilegheita i Sjøkanten til 5, 9 millionar kroner.

– Det har vore interesse hjå fleire, men ingen har sagt seg villig til å gi eit bod til den prisen, seier han og vil ikkje spekulere i om pristaket på leiligheitar er nådd.

- Kommunen må på bana

Bjarte Roska ønskjer å høyre kva Førde kommune har å seie til prisutviklinga.

– Eg meiner kommunen må tilretteleggje for fleire tomter. Dei må også bygge ut til dømes blokker og leilegheiter i sentrum. Det er her skoen trykkjer, meiner han.

Han trur ikkje prisane er ei boble som snart vil sprekke.

– Men om kommunen gjer grep vil prisane bli liggjande meir stabilt.

Ei utfordring for kommunen

Varaordførar i Førde kommune, Jan Taule, seier Førde er eit pressområde.

– Mange vil til sentrum og det er vanskeleg å legge til rette for bustader sentralt, seier han.

Kommunen arbeider med ein arealplan, som dei håpar skal vere ferdig innan 2015. Men det er mange omsyn å ta.

– Det er eit stort arbeid, den har både ein arealdel og ein samfunnsdel. Så skal det ut på høyring og folk skal få uttale seg - så dette tek tid, held Taule fram.

Han legg til at det er vanskeleg å få gjort om sentrumsnære bøar til bustadareal.

– Men det som ligg nærast i tid er Hafstad bydel, der vi legg til rette for rekkjehus.