Hopp til innhold

Luster har størst prosentvis auke i folketalet - Solund størst nedgang

Luster er den kommunen i Sogn og Fjordane der folketalet har auka prosentvis mest i løpet av 2013.

Montasje: Ivar Kvalen og Gaupne

- HISTORISK AUKE: Ordførar Ivar Kvalen er svært glad for folketalsauken i Luster kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Rune Fossum / NRK

Frå årsskiftet til utgangen av september vart det 73 fleire lustringar, ein auke på 1,45 prosent. Ordførar Ivar Kvalen likar svært godt denne utviklinga.

– Dette er tal vi er veldig godt nøgde med, særleg målinga for tredje kvartal som viser ein folketalsvekst på nesten 50. 50 nye lustringar er vi veldig glade for.

Han forklarar auken med kommunal innsats innan næringsutvikling.

– Vi har prøvd å legge til rette på ein god måte både innan næringsutvikling og bustadbygging, og det kan ha gitt innflytting. Vi ser og at nabokommunane Sogndal og Leikanger har positiv utvikling. Det skjer mykje spennande i denne delen av Sogn, og det er ein medverkande effekt.

Opning av Massiv Lust AS

NYE LUSTRINGAR: Frå opninga av verksemda Massiv Lust i Gaupne. Denne verksemda har gitt Luster fleire nye innbyggjarar.

Foto: Anders Veberg / NRK

- Historisk

Og den auken Luster hadde i tredje kvartal i år meiner Kvalen det er lenge sidan dei har sett maken til.

– Den vil eg karakterisere som historisk. Vi må veldig mange år tilbake for å få eit såpass flott byks oppover.

– Trur du på vidare vekst i Luster?

– Det er no det vi jobbar for. Vi er inne i ein god trend som vi håpar er sjølvforsterkande. Vi har god flyt og håpar det skal vare.

Øvre Årdal

STOR NEDGANG: I Årdal er dei blitt 77 færre i 2013. Dette biletet viser Farnes i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I nabokommunen Årdal er ikkje tala like lystelege. Kommunen hadde sterk folketalsnedgang i første halvår i år, i tredje kvartal var tala ikkje fullt så ille, men totalt er det ein nedgang på 77 innbyggjarar frå 1.1. til 30.9.

Størst nedgang i Solund

Men den kommunen i fylket som prosentvis har den største nedgangen er Solund. Folketalet gjekk ned med 27 til 815, ein nedgang på 3,2 prosent. Også nabokommunen Hyllestad hadde kraftig nedgang, med minus 2,7 prosent.

I faktiske tal er Førde igjen den kommunen i Sogn og Fjordane som veks mest - ein auke på 126 til 12.685 innbyggjarar. Det er no nær 1000 fleire som bur i Førde enn i Flora, som for ikkje mange år sidan var den desidert største kommunen i fylket.

For heile Sogn og Fjordane var det ein auke frå 1. januar til 30. september på 169, til 108.869 innbyggjarar.