– Ein kan ikkje ta ned budsjettet så mykje som ein gjer her utan at det går ut over tenestene. Det vil merkast både for dei som tek i mot og leverer tenestene, seier ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde.
Skulen i kommunen må redusere med nesten tre årsverk, noko som svarar til om lag 50 lærartimar i veka.
Gjerde forklarar at budsjettet må ned på grunn av nedgang i folketalet som igjen fører til lågare inntekter for kommunen.
– I alle år har ein prøvd å yte gode tenester innanfor dei rammene ein har, og alle pengane er blitt brukt opp etter kvart. Det er ingenting igjen i buffersona, og slik er situasjonen, stadfestar Gjerde.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange kommunar i liknande situasjonar
HAR BRUKT FOR MYKJE: Fjaler-ordførar Arve Helle må også redusere budsjettposten for skulane i kommunen.
Foto: Rune Fossum / NRKHyllestad kommune er ikkje åleine om vanskelege prioriteringar når kommunane i desember skal vedta budsjetta for neste år. Kommunestyret i Jølster har vedteke kutt i skulen. Askvoll må dekke inn eit underskot på nærare fire millionar kroner neste år, og om lag ein million av dette vil kome i skulen.
I Vågsøy er forslaget frå rådmannen å ta vekk 4,7 årsverk i skule og barnehage. Og i Fjaler er det førslått å kutte 8,5 årsverk, fem av desse i skulen.
– Det er sånn tala er. Vi har drive for dyrt, og må justere ned for å drive på forsvarleg vis. Vi skulle sikkert gått enno lågare sett i lys av dei rammene vi har, seier Fjaler-ordførar, Arve Helle.
Budsjettet som Hyllestad vedtek vil vekke reaksjonar, trur ordførar Jan Olav Gjerde.
– Eg trur at når budsjettet er ferdig klubba, så er dei veldig skuffa og leie seg på skulen, men også innafor helse og omsorgssektoren er dei nok leie seg.