Verdas første «lynlader» er på plass – vil gjere Noreg til elbåtnasjon

Fleire hurtigladestasjonar er på trappene langs norskekysten. Målet er å gjere Noreg leiande på grønt båtliv, men båtfolket har rekkeviddeangst.

Leif Stavøstrand i Evoy.

HISTORISK: Leif Stavøstrand testar verdas fyrste hurtiglader for småbåtar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Dagens utslepp frå fritidsbåtar er i underkant av 300 000 tonn CO₂ i året, ifølge tal frå Miljødirektoratet.

– Noreg er elbilnasjon nummer éin i verda, og no er det på tide å ta denne utviklinga til sjøen. Vi skal syte for at det ikkje skal stå på ladeinfrastrukturen.

Det seier Maria Bos som er dagleg leiar i selskapet Plug.

Saman med moderselskapet BKK skal dei bygge ut hurtigladestasjonar for elbåtar fleire stader i landet.

Frå før har kystbyen den raskaste elbåten i verda.

Elbåt-hurtigladar

LADAR: Hurtigladaren for båtar kan også brukast til bilen medan ein er på sjøen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Marknaden må modnast

I dag er elektriske fritidsbåtar eit uvanleg syn på sjøen. Vanlegare er hybridbåtar som nyttar både batteri og fossile framdriftssystem.

– Vi har hatt litt etterspurnad etter elektriske båtar, men det fell fort vekk på grunn av pris og rekkevidd, fortel Kurt Inge Hellesen, som er butikksjef hos båtforhandlaren Solheim Diesel.

Trass i firmanamnet meiner Hellesen det blir spennande å sjå om den nye ladestasjonen blir startskotet for ei grøn bølgje av elbåtar.

– Men enn så lenge er det nok litt tidleg, særleg i privatmarknaden, seier han.

Den påstanden støttar Bos, men ho trur likevel talet på heilelektriske båtar vil auke betydeleg i åra framover.

– Vi skal gjere det vi er gode på, nemleg å lage, eige og drifte elektrisk infrastruktur. Så satsar vi på at andre tar ansvar for at det finst nok elektriske alternativ når ein skal kjøpe båt.

Ida Salomonsen Thorrud i Green Waves kallar nettverket av ladestasjonar for ei viktig brikke i «elbåt-revolusjonen».

– Dette vil vere avgjerande for å gjere elektrisk framdrift til eit reelt alternativ for flest mogleg, seier ho.

I Klimakur 2030 er det rekna ut at utsleppet innan sjøfart, fiske og havbruk kan reduserast med 7,5 millionar tonn CO₂-ekvivalentar.

Bidrag i klimakampen

Florø-baserte Evoy er blant dei norske selskapa som satsar på elektrisitet til havs.

Dei utviklar elektriske framdriftssystem for hurtiggåande båtar mellom 20 og 50 fot, og har i første omgang retta seg mot oppdrettsnæringa.

– Vi har jobba hardt i tre år for å kome dit vi er no, seier Leif A. Stavøstrand, dagleg leiar for elbåtprodusenten Evoy.

Leif Stavøstrand i Evoy

SATSAR: Stavøstrand har særleg oppdrettsnæringa som viktig kunde.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Barrieren for elbåtar har vore batteriteknologi, men no skal det bli enklare å sleppe rekkeviddeangst.

– Ein skal ikkje kimse av at folk er uroa for rekkevidda. Superladarar for båt vil vere utruleg viktig for at ein kan bruke elbåtar langs kysten, meiner Stavøstrand som seier dei opplever interesse for konseptet frå heile verda.

Kirsten Øystese i Klimastiftelsen håpar det same vil bli på sjøen som på vegane.

– Fleire ladestasjonar har bidrege til at elbilen har tatt marknadsandelar særleg utanfor byane, seier Øystese.

Ho meiner dette kan bli eit viktig bidrag i klimakampen.

– Når utsleppa skal halverast innan 2030 er det behov for tiltak som får fart på omstillinga i alle sektorar, seier ho.