Hopp til innhold

Han vil bygge «havets Tesla»

I førre veke fekk elbåtgründer Leif Stavøstrand 45 millionar av EU. No må også norske myndigheiter spele på lag med «elbåtrevolusjonen», seier leiar for Klimapartnere Vestland.

Dagleg leiar og gründer Leif Stavøstrand i Evoy

SATSAR: – Å levere til hurtiggåande og større båtar er vi nesten åleine om i verda, seier gründer Leif Stavøstrand i Evoy. Dei lagar elektrisk framdrift til båtar.

Foto: Tarjei Langeland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I førre veke fekk florøbaserte Evoy rundt 45 millionar kroner til sin hurtiggåande elbåt-satsing gjennom den såkalla EIC Accelerator-ordninga til EU.

– Ei stadfesting av at vi er inne på rett spor, seier elbåtgründer Leif Stavøstrand i Evoy, og viser til visjonen om ein elektrifisert båtpark.

Selskapet utviklar elektriske framdriftssystemer for hurtiggåande båtar mellom 20 og 50 fot, og har i første omgang retta seg mot oppdrettsnæringa.

Men vegen frå arbeidsbåtar til fritidsbåtar er kort, seier Kirsten Ånestad Øystese, som er prosjektleiar for Grønn skipsfart hos Norsk klimastiftelse.

– Når Evoy retter seg mot det profesjonelle marknaden, kan dei demonstrere at elektriske båtar fungerer. Det kan vekke interessa også blant private båteigarar.

Kirsten Ånestad Øystese

PRIVATMARKNAD: Kirsten Ånestad Øystese, prosjektleiar for Grønn skipsfart hos Norsk klimastiftelse, meiner vegen frå proffmarknad til privatmarknad, er kort.

– Noreg må ta posisjon

Helene Frihammer er leiar for Klimapartnere Vestland. Ho håper tildelinga kan bli eit vendepunkt i «elbåtrevolusjonen».

– EU skal bruke eit kvart oljefond på sin grøne giv for omstilling over dei neste sju åra. Då er det viktig at Noreg tar posisjon og er med på dette, seier ho.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det samla klimagassutsleppet frå fritidsbåtar i 2017 var på 531.000 tonn CO₂-ekvivalentar.

Det er til samanlikning høgare enn alle fiskebåtane i landet (339.000), og meir enn alle motorsyklar, mopedar og snøscooterar til saman (146.000).

Kan bilparken, så kan båtparken

Ida Salomonsen Thorrud i Green Waves

OFFENSIV: Ida Salomonsen Thorrud i Green Waves seier regjeringa må vere offensive og gjere elbåtar meir attraktive.

Foto: Privat

Ida Salomonsen Thorrud er dagleg leiar i Green Waves, som driv med elektrifisering av eksisterande båtar.

I likskap med Frihammer etterlyser ho ei meir offensiv innstilling frå myndigheitene.

– Myndigheitene må på bana. EU støttar no Evoy, og har stor tru på dei. Då er det nesten litt rart at dei norske myndigheitene ikkje ser dei same moglegheitene.

Peter Heimstad er dagleg leiar i bGreen. I sommar fekk selskapet middel frå Miljødirektoratet til å starte arbeidet med «ein grøn lede» på vestlandet – eit nettverk av ladepunkt i småbåthamnene mellom Bergen og Bjørnafjorden

– Fritidsbåtar fører med seg betydelege klimagassutslepp, så for at vi skal klare å fjerne desse må det leggjast til rette for elbåtar og andre nullutsleppsfartøy, seier han.

Heimstad viser til at Noreg har den høgaste marknadsdelen for elbilar i verda, takka vere offensiv politikk frå norske myndigheiter.

– Vi har altså oppskrifta, og no må vi bruke den for å få til det same til sjøs.

Peter Heimstad, bGreen

LEGGE TIL RETTE: Peter Heimstad i bGreen meiner å legge til rette for elbåtar, er naudsynt for å kutte utslepp til sjøs.

Foto: Pressefoto / bGreen

– Mogleg med ein grøn revolusjon til sjøs

– Vi har vektlagt innsatsen mot større skip mest fordi her er det størst utklippsgevinst, seier statssekretær Mathias Fischer i Klima- og miljødepartementet.

Ved utgangen av 2022 vil Noreg ha 70–80 el-ferjer, varslar han.

– Fordi vi har satsa stort på mellom anna elektriske ferjer, ser folk no at det er mogleg med ein grøn revolusjon til sjøs.

Departementet jobbar no med ein klimaplan for de neste ti åra, seier han.

– Der vil vi gjennomgå tiltak for alle sektorar og kjelder for utslepp, også utsleppa frå fritidsbåtane.

Mathias Fischer

STORE MOGELEGHEITER: Det er store moglegheiter innan nullutsleppsteknologi for fritidsbåtar og arbeidsbåtar, og det viser Evoy, seier statssekretær Mathias Fischer i Klima- og miljødepartementet.

Foto: Bård Bøe

I Klimakur 2030 er det rekna ut at utsleppet innan sjøfart, fiske og havbruk kan reduserast med 7,5 millionar tonn CO₂-ekvivalentar.

Jon Gunnes sit i transportkomiteen for Venstre. Han seier at Venstre og regjeringa har trua på elbåtar, men at satsinga og insentiv må avstemmast med den teknologiske utviklinga.

Eit insentiv som diskuterast er momsfritak, seier han.

– På elbilar har det fungert veldig bra med å gje folk eit insentiv til å velje grønt, men teknologien har nok ikkje vore der heilt på elbåtar. Når det no byrjar å skje ting, er det veldig positivt. Og i framtida kan det bli aktuelt å få til gode insentivordningar som momsfritak også for elbåtar.

Saka blei oppdatert med svar frå statssekretær Mathias Fischer 27.07 kl. 16.00.