Hopp til innhold

Deleordning for elbåtar spreier seg til fleire norske byar – båtfolket har rekkeviddeangst

Elbåtar blir løfta fram som norsk eksportvare, men båteigarar er skeptiske. – Rekkeviddeangsten blir større på sjøen enn på vegen.

 Aleksander Elvsaas, båteigar

SKEPTISK: Båteigar Aleksander Elvsaas er skeptisk til å skulle selje eigen båt til fordel for å leige, men meiner konseptet er lurt for dei utan båt.

Foto: Julianne Flølo / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Til våren neste år er ein elektrisk båtdelering på plass i Bergen, etter modell av dei meir kjende bildeleringane.

Selskapet Kruser, som allereie har etablert seg med fire båtar i Oslofjorden, seier målet er å få fleire på sjøen, utan å belaste miljøet.

Ambisjonen er å vere på plass i fleire av dei største byane og hamnene.

– Vi ser at ein kan dele båtar for å utnytte ressursane betre, seier gründer Christer Ervik.

Elbåt fra Kruser

ELEKTRISK SNEKKE: Dette er ein av båtane ein kan leige med medlemskap i båtdelingsselskapet Kruser. I sommar har båtane vore på sjøen dagleg i Oslofjorden. Til neste år kjem konseptet til Bergen.

Foto: Privat

Slepp ut 500.000 tonn CO₂ i året

Dagens utslepp frå fritidsbåtar er på over ein halv million tonn CO₂ i året, ifølge tal frå Miljødirektoratet.

Det er i så fall meir enn heile fiskeflåten eller det totale ferjeutsleppet.

– Vi har over 900 000 fritidsbåtar i landet, og kvar båt blir i snitt brukt berre åtte gongar per år, så dette er ein måte å få opp bruken av kvart fartøy på.

Det seier Helene Frihammer, leiar i Klimapartnere Vestland.

Ho meiner deleløysinga kan redusera talet på båtar som tek opp bryggeplass. I tillegg peikar Frihammer på at Norsk Elbåtforening har utfordra norske byar på kven som kan lukkast med nullutslepp på fritidsbåtmarknaden først.

Då er initiativ som dele-konseptet til Kruser naudsynte.

– Skal ein få til noko må ein vise interesse. Jo fleire slike firma som får etablere seg jo betre, meiner ho.

Christer Ervik og Helene Frihammer.

SAMARBEID: Christer Ervik i Kruser og Helene Frihammer i Klimapartnere Vestland meiner samarbeid er nøkkelen til å lykkes med ein grøn omstilling.

Foto: Privat

Vil tilby båtutleige nær deg

I Oslofjorden har Kruser fire elektriske båtar tilgjengeleg for medlemmane sine. Ambisjonen er å tilby utleige gjennom deleordninga i mange av landets hamner.

Den første sesongen i har gått over all forventing, fortel Ervik.

– Vi har hatt båtar på fjorden kvar dag, fortel ein fornøgd gründer, og legg til:

– Visjonen vår er å skape eit bekymringsfritt båtliv for både menneske og miljø.

Til komande sesong kan vestlendingar abonnere på fem elbåtar i Bergen. Båtane blir liggande i Bergen sentrum.

– Dette er jo ein draum som går i oppfylling, og det er stas å kunne levere ei båtteneste til vestlandet som har lange tradisjonar med båtliv i ulike former, seier Ervik.

Espen Barth Eide (Ap) møter Elbåtforeningen.

BÅTTUR: Espen Barth Eide (Ap) møtte Elbåtforeningen på Oslofjorden i sommar. Her med dagleg leiar i Kruser Christer Ervik (t.v.) og styreleiar i elbåtforeininga Birgit Liodden.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Trur på norsk elbåteksport

I juli uttalte Birgit Liodden i Norsk Elbåtforening og stortingspolitikar Espen Barth Eide (Ap) eit håp om at elbåtar på sikt kan bli norsk eksportvare.

Eide etterlyser tiltak frå regjeringa for å legga til rette for eksport.

– Vi har mange små båtprodusentar som har hatt ei litt vanskeleg tid. Viss vi no får ein vilje til å fornye småbåtflåten, så skapar vi også norske arbeidsplassar, sa han til NTB.

Frihammer i Klimapartnere Vestland trekk fram at Noreg er ein maritim nasjon, og trur elektriske fritidsbåtar kan bli eksportvare.

– Når det gjeld elbilar er vi gjerne kjøparar, men når det kjem til elbåtar kan vi ta posisjon på verdsbasis. Her må vi kjenne vår vitjingstid, slår Frihammer fast.

Aleksander Elvsaas, båteigar

SKEPTISK: Båteigar Aleksander Elvsaas er skeptisk til å skulle selje eigen båt til fordel for å leige, men meiner konseptet er lurt for dei det passar for.

Foto: Julianne Flølo

Vil heller eige enn å leige

I båthamner i Bergen er derimot fleire skeptiske til å skulle selje båten sin til fordel for eit medlemskap.

– Dette blir nok ikkje aktuelt for meg. Eg likar å kunne reise på sjøen når det passar meg i staden for å måtte bestille på førehand. Plutseleg er det ikkje fint vêr likevel, seier båteigar Bjørn Hauge.

Heller ikkje Aleksander Elvsaas vil leige i staden for å eige.

– Det er alltid noko å ordne, og vedlikehald er ein del av det eg synest er kjekt med å eige sjølv. Dersom ein leiger blir det dessutan helst mindre dagsturar, seier Elvsaas som har hatt båt i 15 år.

Han brukar båten året rundt, om lag tre gongar i veka gjennom sesongen. Han meiner også at elbåtar går for treigt, og har for kort rekkevidd.

Robert Hansen, båteigar

KONSERVATIVT: Robert Hansen har lenge vore ein del av Bergen Motorbåtforening. Han fortel at båtmiljøet kan vere konservativt, men trur fleire og fleire blir bevisst på eksempelvis utslepp frå fritidsbåtar. Sjølv har han elbil og kan tenke seg elbåt dersom rekkevidda blir større.

Foto: Julianne Flølo

Fryktar å gå tom for straum

– Eg har elbil, men eg trur angsten på sjøen er større enn på vegen kor ein faktisk får hjelp dersom noko skulle skje, seier båteigar Robert Hansen.

Til frykta for rekkeviddeangst forsikrar Kruser at ein kan vere på sjøen i opp mot ni timar.

– Det er ingen grunn til å vere redd for å gå tom for straum, men om det skulle skje er vi klare til å hjelpe, seier Ervik.