Hopp til innhold

Valthriller i Sogn og Fjordane: Her er halvparten av stortingsplassane i spel

I Sogn og Fjordane har Arbeidarpartiet snart tatt att Senterpartiet, og ingen gjer eit større byks enn Framstegspartiet. Det viser den siste målinga til NRK før valet.

Paraglider silhouette flying over Aurlandfjord, Norway

MYKJE PÅ SPEL: I alt har fire parti no meldt seg på i kampen om det tredje mandatet frå Sogn og Fjordane.

Foto: Thomas Mørkeberg

I juni sa fire av ti veljarar i Sogn og Fjordane at dei vil stemme på Senterpartiet.

Ikkje noko parti i nokon valkrins hadde så stor oppslutnad som Senterpartiet denne månaden – 40,3 prosent.

Sidan har oppslutninga rasa nedover og kasta om på stortingsbenken i heile valkrinsen. Supermålinga til NRK viser no at to av fire mandat i fylket er i spel.

I den siste supermålinga vert Senterpartiet målt til 28,3 prosent, som er mindre enn dei fekk ved valet i 2017.

Samstundes kjem Arbeidarpartiet nærare – no på 25,5 prosent.

Meningsmåling september 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.0% (endring: +0.4
SV: 6.5% (endring: +1.1
AP: 25.5% (endring: +4.0
SP: 28.3% (endring: -9.0
MDG: 4.3% (endring: +1.3
KRF: 3.5% (endring: -0.3
V: 3.5% (endring: +1.5
H: 11.2% (endring: -3.0
FRP: 10.9% (endring: +3.3
Andre partier: 2.3%
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Fire parti kjempar

I alt har fire parti no meldt seg på i kampen om det tredje mandatet frå Sogn og Fjordane, inkludert Framstegspartiet som vert målt til 10,9 prosent.

Verst går det utover oppslutninga til Høgre. Om noteringa på 11,2 prosent vert ståande, er det ein nedgang på 7.4 prosentpoeng.

– Dette er tredje fylkesmålinga denne veka, to går Høgre opp på og denne går vi ned. Nå skal vi stå på heilt fram til måndag, og vi har godt tru på at dette skal gå vår veg, seier fyrstekandidat Olve Grotle (H).

Olve Grotle

SPENT: Olve Grotle (H) slit på NRK si supermåling.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Sp: – Våre mandat kan vere avgjerande for fleirtal

Senterpartiet ligg framleis an til to direktemandat på Stortinget, men det er berre plassen til fyrstekandidat Erling Sande som er trygg.

Sjansane til andrekandidat Aleksander Øren Heen har i løpet av valkampen blitt betydeleg mindre.

Berre 1000 røyster skal til for at Høgre held på mandatet frå 2017, og sender listetopp Olve Grotle til Stortinget på kostnad av Sp sin Heen.

– Det viktige er å få ei ny regjering, då bør Sp vinne tredjemandatet i Sogn og Fjordane slik at Høgre ikkje gjer det, seier Heen (Sp).

Aleksander Øren Heen

MARGINAR: I fylgje målinga har Aleksander Øren Heen (Sp) ein margin på om lag tusen røyster på tredjemandatet frå Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ap: – Motiverande

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har gått jamt framover i valkampen. Målinga viser at Sp sitt forsprang til Ap nesten er heilt vekke. Marginen om å vere største parti er no nede på 2–3 prosentpoeng.

Dermed er det ikkje lenger usannsynleg at også andrekandidaten Marie-Helene Hollevik Brandsdal slår følgje med fyrstekandidat Torbjørn Vereide til Stortinget.

– Dette er berre så motiverande, vi kan ikkje ta noko som helst for gitt no, seier Vereide.

Torbjørn Vereide, Arbeiderpartiet

NØGD: Ap sin Torbjørn Vereide ser at partiet nok kan klare same valresultat som i 2017.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Frp med oppsiktsvekkande framgang

Frp gjør også et lite byks frå august og vert målt til 10.9 prosent, kan hende hjelpt av det såkalla «oljebrølet».

Totalt har dei gått opp med 4,1 prosentpoeng sidan junimålinga.

Om dei passerer Høgre på oppløpssida, så kan dei kapre tredjemandatet, og sende Anfinn Sjåstad til Stortinget.

Sjølv om Sjåstad ikkje er eit kjend namn nasjonalt, er han velkjend i lokalpolitikken. Den politiske karrieren starta i Høgre, men det er i Frp han har lengst fartstid. No er han gruppeleiar og formannskapsmedlem for partiet i Stad kommune.

– Det er sjølvsagt fantastisk hyggeleg med ei slik måling. Eg har sett vekk frå at vi kan vinne utjamningsmandatet, sidan vi ikkje har hatt det på nokon målingar, vår sjanse er direktemandatet, seier Sjåstad.

Mandatfordeling september 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
SP: 2 mandater, endring +1
AP: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
H: 0 mandater, endring -1
FRP: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Sogn og Fjordane. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Sogn og Fjordane gått til Venstre

Les mer om NRKs meningsmålinger

Venstre med utjamningsmandat

På NRK si nasjonale måling er det Venstre som er inne med utjamningsmandatet. Dette er eit mandat der små marginar i ulike valkrinsar kan gi store utslag.

Fyrstekandidat Alfred Bjørlo (V) opplev no ein lite opptur mot slutten av valkampen.

– Dette syner at Venstre har ein reell sjanse til å kome på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Men også at kvar stemme tel – marginane er små.

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo

KAN KOME INN: Alfred Bjørlo (V).

Foto: Lidvard Sandven