Hopp til innhold

Ba om folket si meining – avviste resultatet

MÅLØY (NRK): Kommunestyret i Vågsøy har bestemt seg for at dei ikkje vil be Stortinget om å oppheve samanslåinga med Flora.

Avrøysting om reversering av Kinn. Vågsøy kommunestyre

TRASSA FOLKEVILJEN: Her stemmer 15 personar i kommunestyret i Vågsøy mot reversering av kommunesamanslåinga med Flora. Kinn kommune vert ein realitet.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det vart bestemt på møtet i kommunestyret i ettermiddag. 12 stemte for medan 15 stemte mot. Dei som stemte mot var Ap, Venstre, ein frå Frp og fem frå Høgre.

Måndag stemte over 60 prosent av innbyggjarane i Vågsøy nei til at kommunen skulle gå inn i Kinn kommune saman med Flora. 36,8 prosent stemte for samanslåinga. 56,6 prosent av dei med stemmerett nytta den under folkerøystinga.

– No har fleirtalet i kommunestyret sagt at vi heldt fast ved vedtaket vi gjorde i fjor og det same som Stortinget har vedtatt, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) etter at vedtaket vart gjort.

– Ein skam mot demokratiet

Fleire hadde tatt turen til kommunestyret-salen for å få med seg kva avgjerda vart. Også fleire av dei som er i mot samanslåing. Kent Hammersvik, Sissel Kongsvik og Fredrik Egeberg var blant dei frå aksjonsgruppa «Nei til Kinn» som tok turen. Etter vedtaket var dei skuffa.

– Eg var på gråten og syns dette er ein skam mot demokratiet og det er eit hån mot Vågsøy kommune sine innbyggjarar. Vi fekk ei folkerøysting og no fekk vi beskjed om at dei ikkje vil høyre på oss likevel, seier Sissel Kongsvik.

– Det er ein trist dag for demokratiet. At dei ser vekk frå store delar av befolkninga som har stemt nei. Dette håpar eg viser godt att ved neste val. Dei har nettopp gitt 16 og 17-åringane mogelegheita til å stemma og så bryr dei seg ikkje om kva dei stemte, seier Fredrik Egeberg.

Nei til Kinn-aksjonistar i t-skjorter

SKUFFA: Kent Hammersvik (f.v.), Sissel Kongsvik og Fredrik Egeberg er skuffa over at kommunestyret ikkje høyrde på folkeviljen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Ba om folkerøysting – avviser resultatet

Sidan måndag har fleire av dei politiske partia hatt gruppemøte for å bestemma seg for om dei ville stemma for å stoppa samanslåinga. Blant desse var Høgre, som i går kveld bestemte seg for å stemma kvar for seg og ikkje samla. I etterkant av folkerøystinga var det uklart korleis ein skulle nytta resultatet.

Under den times lange debatten i forkant av stemminga tok fleire til orde for at dei måtte lytta til folket. Slik vart det altså ikkje.

Kommunestyremøte i Vågsøy om folkerøystinga. Nils Myklebust, varaordførar

AVVIST: Varaordførar Nils Myklebust (Sp) kravde at kommunestyret måtte be om reversering av vedtaket om at Vågsøy vert slått saman med Flora til Kinn kommune. Han vart ikkje høyrd.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Eg er frykteleg skuffa. Spesielt på vegner av innbyggjarane som sa klart og tydeleg ifrå om at dei ønska at vi skulle søke om reversering. Det er bekymringsfult for framtidige val når ein ikkje høyrer på folket, eg trur det vil gå utover valdeltakinga i framtida, seier varaordførar Nils Myklebust (Sp) som har vore ein av dei største forkjemparane for ei reversering.

Ordførar Kristin Maurstad håpar folket i Vågsøy no kan sjå framover, etter eit halvår med heftig debatt.

– Eg håpar at ein no heldt seg til det som er vedtatt og at det ikkje vert fleire omkampar, seier ho.

Kinn kommune

UTAN GRENSE: Vågsøy og Flora kommune slår seg saman, utan at dei deler grense. I midten ligg Bremanger som er like stor som Flora og Vågsøy til saman. Kinn kommune vert den einaste i landet utan delt grense.