Hopp til innhold

Seks av ti vil framleis ikkje at Vågsøy skal inn i Kinn kommune

VÅGSØY (NRK): 60,8 prosent stemte nei til Kinn kommune i Vågsøy. 36,8 prosent stemte ja. Det vart klart etter dagens folkerøysting.

Varaordførar Vågsøy, Nils Myklebust (Sp) teller stemmer, folkeavstemming Kinn kommune

REVERSERING: Om over 50 prosent av stemmene under folkerøystinga seier nei til at Vågsøy og Flora bør slå seg saman til Kinn kommune vil varaordførar Nils Mylkebust (Sp) at kommunestyret skal reversere samanslåinga.

Foto: Silje Guddal / NRK

27 prosent av dei som har stemmerett i Vågsøy kommune hadde stemt på førehand.

Av dei 1304 personar som førehandsstemte stemte i overkant av 61 prosent nei – 37 prosent stemte ja.

Det endelege resultatet vart 60,8 prosent for nei, medan 36,8 prosent stemte ja. I overkant av halvparten av dei med stemmerett nytta seg av den.

Det var ikkje så veldig overraskande med tanke på dei undersøkingane vi har hatt tidlegare. Om ein tar vekk Bryggja, som ikkje skal vera ein del av den nye kommunen, er det 58,7 prosent som seier nei og 38,5 prosent som seier ja. Det er ein framgang på ja-sida, men no er det opp til kommunestyret å avgjera kva vi skal gjere med dette resultatet, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Under ei meiningsmåling i mars, utført for NRK, Fjordenes Tidende og Firdaposten, stemte 62 prosent nei til samanslåing. 31 prosent stemte ja.

Vil krevje reversering

Avstemminga starta måndag føremiddag og gjennom dagen har mange vågsøyværingar tatt turen til vallokala for å stemme anten ja eller nei til Kinn kommune. I fjor vår vart Flora og Vågsøy einige om å slå seg saman til Kinn kommune og i juni vedtok Stortinget samanslåinga.

Det siste året, og spesielt dei siste månadane, har vore prega av ein heftig debatt mellom ja- og nei-sida. Etter at motstandarane fekk gjennomslag for at informasjonen om samanslåinga har vore for dårleg gjekk kommunestyret inn for ei folkerøysting.

Men kva som skjer i etterkant av avstemminga er framleis uklart.

Kinn kommune

KINN KOMMUNE: Vågsøy og Flora vil bli ein kommune, trass i at Bremanger som ligg i midten ikkje vil vera med.

Vi i Arbeidarpartiet skal ha gruppemøte i morgon kveld og så skal kommunestyret på torsdag bestemme kva vi skal bruke folkerøystinga til, seier ordførar Maurstad.

Men Nils Myklebust (Sp) er klokkeklar kva han meiner ein bør gjere med resultatet av avstemminga.

– Eg har vore heilt krystallklar heile tida på at vi bør respektere folkeviljen, seier han.

– Så om det endelege resultatet er 51 prosent eller meir for nei, då vil du krevje reversering?

– Ja, og det same gjeldt om det vert 50,1 prosent for ja så gjeldt det same. Det må vera likt for likt.

Onsdag skal Høgre ha gruppemøte for å diskutera kva dei gjer på kommunestyret på torsdag.

– Først og fremst er eg skuffa over valdeltakinga. At berre 56 prosent nytta stemmeretten sin er skuffande, men resultatet vart som forventa, seier gruppeleiar for Vågsøy Høgre, Morten Hagen.

Opptelling av stemmer folkeavstemming Kinn kommune

OPPTELJING: Klokka var alle stemmene er talt opp. Her jobbar Betty Hessevik (Sp, t.v.) Nils Myklebust (Sp), Kristin Maurstad (Ap, t.h.) og Edvard Iversen (V, bak Maurstad) med teljing av dagens stemmer.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stemte for første gong

Til folkerøystinga vart det bestemt at alle over 16 år fekk lov til å gje si stemme for eller mot samanslåing.

Amila Adzemovic og Tobias Aarvik stemte under folkeavstemminga om Kinn kommune

FØRSTE GONG: Aldersgrensa for å gje si stemme for ja eller nei til Kinn kommune var sett til 16 år. Tobias Aarvik (17) og Amila Adzemovic (17) var to av dei som nytta stemmeretten sin.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er første gong eg stemmer og det syns eg er veldig kjekt. Eg sett stor pris på at politikarane tek med våre stemmer også, sidan det er vi som skal bu i kommunen i framtida, seier 17 år gamle Amila Adzemovic.

Tobias Aarvik (17) stemte også for første gong.

– Eg er spent på resultatet, seier han.