Hopp til innhold

Vågsøy Høgre har bestemt seg

Vågsøy Høgre sikrar truleg fleirtal mot å jobbe for å stanse samanslåingsprosessen til Kinn kommune. - Vi vil røyste ulikt, seier gruppeleiar Morten Hagen.

Kinn kommune

SIKRAR FLEIRTAL: Med fem røyster frå Høgre vil det truleg bli fleirtal for å ikkje be om reversering av samanslåingsprosessen med Flora når kommunestyret i Vågsøy skal ta stilling til saka torsdag.

I kveld tok Vågsøy Høgre stilling til kva dei ville gjere med resultatet av folkerøystinga som slo fast at eit fleirtal av innbyggjarane ikkje vil ha Kinn kommune.

Arbeidarpartiet og Venstre har tidlegare sagt at dei ikkje vil krevje ei omgjering av Stortinget sitt vedtak om samanslåing av kommunane Flora og Vågsøy til Kinn kommune. Dei er avhengige av Høgre for å få fleirtal for dette. Det var difor knytt stor spenning til møtet i kveld.

Vil røyste ulikt

Morten Hagen

HÅPAR Å SJÅ FRAMOVER: Gruppeleiar i Vågsøy Høgre, Morten Hagen, seier dei hadde eit godt møte. Viss Kinn kommune blir ein realitet håpar gruppeleiaren, som sjølv vil røyste mot reversering, at innbyggjarane i Vågsøy vil sjå framover og medverke positivt til å forme en sterk og utviklingsorientert kystkommune.

Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

I eit langt møte i kveld deltok kommunestyregruppa og medlemmar i Vågsøy Høgre. Medlemmane gav kommunestyregruppa eit klart råd. Fleirtalet vil ikkje stogge prosessen med etableringa av Kinn kommune, men gruppa er delt. Dei åtte representantane vil stemme ulikt.

Fem vil stemme mot reversering, tre vil stemme for reversering.

Det kan difor sjå ut til at kommunestyret ikkje vil be om endring av stortingsvedtaket.

Tysdag stemte eit klart fleirtal av innbyggjarane i Vågsøy nei samanslåinga, trass i at kommunestyret allereie har vedteke Kinn kommune.

Ordføraren vil ikkje sleppe jubelen laus

Ordførar Kristin Maurstad har fått med seg resultatet frå møtet i kveld, men vil ikkje sleppe jubelen laus.

– Eg torer ikkje forskottere ei votering og kan ikkje juble heilt enno, men eg er veldig spent. Det er ei viktig sak, som ikkje har vore enkel for noko parti.

Eit endeleg svar på kva Vågsøy kommunestyre vil gjere vil først kome etter kommunestyremøtet torsdag.

Røystesetlar i Vågsøy

FOLKERØYSTING: Tysdag gjekk innbyggjarane i Vågsøy til valurnene for å seie si meining om Kinn kommune. Gruppeleiar i Vågsøy Høgre, Morten Hagen, forstår at nokon kan reagere på prosessen som har vore. - Det er viktig no at vi i fellesskap tek dette vidare og ikkje held fram med splittande diskusjon i Vågsøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

Råd frå sør

– Ikkje be om reversering av samanslåingsvedtaket for Vågsøy og Flora til Kinn kommune.

Det var Høgre-politikar i Florø, Bjørn Hollevik, sitt klare råd til partifellene sine i Vågsøy.

Hollevik sa at eit reverseringsvedtak berre ville svekke heile prosjektet.

Det er fleirtalet i Vågsøy Høgre altså samde i.

Også Frank Willy Djuvik (Frp) har vore kritisk til Høgre sin omkamp i saka om Kinn. Han meinte Vågsøy Høgre vingla, førte folk bak lyset og gav innbyggjarane falske håp om at Kinn-prosjektet kunne stoggast.

Kritikken frå Djuvik møtte Hagen slik:

– Eg vil ikkje kalle det vingling. Vi stemte for eit fleirtal i Vågsøy i 2017, men kunne ikkje oversjå det store engasjementet som kom lokalt. Vi har vore tydelege heile vegen på at det ikkje er sikkert at det er mogleg å gjere noko med reversering av Kinn.

No har Vågsøy Høgre altså bestemt seg, og kommunestyret vil i morgon ta endeleg stilling til det.