Hopp til innhold

Skulle berre på do: Blei fråstolen sykkel til 70.000 kroner

Stein Aaserud skulle berre følge sonen på do. Så blei sykkelen, som han har skrudd saman sjølv, stole. Stadig fleire blir offer for sykkeltjuveri, seier Tryg Forsikring.

barn på sykkel

Heile familien har hatt glede av sykkelen, som nå er stolen.

Foto: Privat

Laurdag morgon sit ein irritert Stein Aaserud (38) framfor PC-en. Han skal melde tjuveri av elsykkelen sin, som blei stole frå utanfor heimen hans i Drammen i går ettermiddag.

Og det gjer ekstra vondt, seier han. For denne sykkelen er spesiell.

en mann som smiler til kameraet

Stein Aaserud fortel at han har bestilt delane til sykkelen frå utlandet og innlandet.

Foto: Privat

– Eg har sett han saman sjølv. Eg begynte å tenke på kor mykje han kostar i går. Det er sånn 60 000 til 70 000 kroner, seier Aaserud.

På fritida er Aaserud ein slags Reodor Felgen. Å skru på sykkel har vore ein hobby dei siste ti åra.

Sykkelen har vore til glede for heile familien, og brukast både vinter og sommar. Men nå er han sporlaust forsvunnen.

Har du blitt frastjålet en sykkel?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ifølge Tryg Forsikring har talet på sykkeltjuveri auka med over 60 prosent sidan 2017.

16 700 sykkeltjuveri blei melde inn til forsikringsselskapa i fjor.

Kostnadene for å erstatte desse var over 176 millionar kroner, som er meir enn kostnadene ved biltjuveri.

Dei aller fleste sakene blir aldri oppklarte.

Les også Fikk frastjålet barnevognen – Sporet selv opp tyven

Frode Bredesen brukte sporingsbrikke for å lete etter barnevognstyven.

– Sykkelen er bilen vår

– Eg skulle på Drammensbadet med den eldste sonen min. Så henta eg sykkelen ut av garasjen. Eg skulle berre hente posen med badetøy, men så måtte han på do, seier Aaserud.

Dei gjekk inn til doen gjennom kjøkkenet. Husdøra stod open. Sykkelen stod rett utanfor.

– Eg kom ut og blei ganske forfjamsa, for eg skjønte ikkje kor det blitt av sykkelen. Så møtte eg ein nabo.

– Han hadde sett ein person som hadde gått mot inngangsdøra mi. Plutseleg hadde han sett éin som sykla forbi huset hans med sykkelen min, med hetta godt over hovudet.

Sykkeltyveri Drammen

Det finst mange grupper på sosiale medium, der ein kan legge ut bilde av stolne eigedelar. Gruppa «Stolne syklar Noreg» har 5,5 tusen medlemmer. Det blir lagt ut innlegg omtrent dagleg.

Foto: Skjermdump

Sykkelen er ein transportsykkel med plass til to til tre barn. Den har bagasjebrettet og motor.

– Vi har ein bil. Men sykkelen er eigentleg bilen vår. Eg blir meir lei meg for at han er stolen, enn viss bilen hadde blitt det.

Ifølge ei undersøking Norstat har gjort for Frende forsikring, toppar Buskerud lista på frastjålne syklar med 44 prosent, etterfølgd av Oslo, Trøndelag og Agder.

Dyre elsyklar har blitt eit attraktivt byte for tjuvar, seier Torbjørn Brandeggen, senior kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.

I dag blir det stole syklar for høgare verdiar enn bilar i Noreg. Vi ser at det vi mistenker er organiserte kriminelle, går etter dei dyraste syklane, fordi dei skal omsettast etterpå.

Torbjørn Brandeggen Tryg Forsikring

Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring meiner det er lurt å be om kvittering når du handlar syklar på Finn. Slik kan du oppdage om sykkelen er stolen.

Foto: Tryg Forsikring

Dessverre er oppklaringsprosenten for sykkeltjuveri svært låg. I mange politidistrikt er han under 5 prosent, seier Brandeggen.

Vil du unngå at sykkelen din blir stolen? Les Brandeggen sine tips lengre ned i saka.

– Kjennest håplaust

Sykkelen til Aaserud blir brukt til å frakte den minste til barnehagen, reise til jobb og til butikken.

Det har ikkje sokke inn hos barna at sykkelen nå er borte, seier Aaserud.

– Kanskje det går opp for dei òg, når dei skjønner at det blir vanskeleg å komme seg til og frå aktivitetar og leikeplassar.

Stein på sykkel, med barna.

Det har blitt mange turar på sykkelen, og det er god plass til barna.

Foto: Privat

Det er ikkje første gongen familien får fråstole ein sykkel.

– Sambuaren min blei fråstolen elsykkelen sin på togstasjonen for under ein månad sidan.

Dei har meldt dette tjuveriet, men sykkelen er endå ikkje funnen.

– Med ressursane til politiet, så skjønner eg at dei prioriterer dei meir alvorlege brotsverka. Men som lovlydig borgar så kjennest det veldig håplaust. At det skal vere så lett å ta seg til rette med andre tinga sine, sukkar Aaserud.

– Det irriterer meg veldig at eg ikkje berre slengde på ein liten lås på hjulet i går.

– Tenk som ein tjuv

Sjølv om sykkelen til Aaserud stod ulåst, vil forsikring sannsynlegvis framleis gjelde, seier Brandeggen i Tryg Forsikring.

– Det er grada av aktløyse som er avgjerande. Har du sett frå deg sykkelen og spring inn og ut igjen, så er det sjeldan at det blir utslagsgivande.

– Men om du set frå deg sykkelen og kjem tilbake to timar seinare, så er det klart at aktløysa kan trø inn, understrekar Brandeggen.

Les også Pedalperspektiver

Syklister i bytrafikk Ill.foto

Ifølge han bruker dei fleste tjuvane den klassiske metoden: å klippe over låsen. Nokon har til og med batteridrivne kutterar.

– Prøv å tenk som ein tjuv. Tenk på kor fort ein person kan stikke av med sykkelen din når du parkerer.

Dette seier Brandeggen at du kan gjere for å unngå å bli neste offer:

  • Bruk FG-godkjent lås – helst to ulike typar.
  • Lås sykkelen fast i noko solid, ikkje berre i seg sjølv.
  • Unngå å parkere på utsette og dårleg opplyste stader.
  • Registrer sykkelen i eit FG-godkjent sykkelregister.
  • Be om kvittering og eigarbevis ved kjøp på bruktmarknaden.

Tryg Forsikring ønsker også at det blir oppretta eit nasjonalt sykkelregister.

– Da kan politiet, i den augeblinken politiet får ei melding, kjapt gå inn og finne rammenummer og bilde, seier Brandeggen.

Les også Ber folk ta sykkel for T-bane: - Må gjøre mer, mener MDG

T-bane 4 Bergkrystallen kjører inn til Jernbanetorget.

– Eg får opplevd mykje meir

Aaserud er usikker på om han kjem til å skru saman ein ny sykkel.

– Det er så mange delar eg har importert frå USA. Den hadde sikkert kosta nærare 80 000 til 90 000 kroner om eg skulle sett han saman nå.

en person som smiler til kameraet

Aaserud oppfordrar fleire til å sykle.

Foto: Privat

Viss sykkelen ikkje blir funnen, skal han kjøpe seg ein ny. På måndag må eit anna framkomstmiddel takast i bruk.

– Uff, nei da må eg vel ta bilen, da. Eg liker mykje betre å ta sykkelen. Eg kan sykle heilt inn til butikkane, betaler ikkje bompengar eller parkeringsavgifter, seier Aaserud.

– Så er det mykje herlegare å sykle. Kjenner eg har fått sett mykje meir og opplevd mykje meir. Tjuven får berre å komme tilbake med sykkelen. Så blir eg glad.

Les også Vanskelig for unge å forstå hva influensere vil

mobiler ligger på et bord

Les også OL-deltakaren har sykla i berre tre år

Marthe Berg Edseth