Hopp til innhold

Skal lage sakte-TV frå sykkelsetet

I sommar er det igjen klart for minutt for minutt-sending i NRKTV og på NRK1. No får du sjå delar av Noreg frå sykkelen.

NRK med prosjektleiar Thomas Hellum har tidlegare laga sommarprogram med minutt for minutt-sendingar som Hurtigruten, Sommertoget, Lars Monsen, Sommerbilen og Sommerskuta.

Denne sommaren er det klart for tre veker med Sykkelsommer minutt for minutt, og ideen har vore under utvikling lenge.

Planen var nemleg å gjennomføre dette sommaren 2020, men koronaen og smittevernreglar gjorde at Sommerbilen måtte overta den gongen.

Thomas Hellum

Sakte-TV-general Thomas Hellum er klar med nytt sommarprosjekt for NRK1.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Tekniske utfordringar

Thomas Hellum fortel at Sykkelsommer er ei vidareføring av andre sakte-TV-program han har jobba med.

– Først var vi i ei lita campingvogn på Finnmarksvidda og følgde reinsdyr, så pakka vi alt det utstyret ned i ein liten ryggsekk og gjekk med Monsen. Ei naturleg forlegning av det var å tenke: kva har vi ikkje bevega oss med no?

«Monsen på tur» - Håvard Jenssen med regisekken, Espen Kremer Prøsch bærer

Håvard Jenssen produserer minutt for minutt frå regisekken, Espen Kremer Prøsch hjelper til med å bere under Monsen minutt for minutt.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Neste framkomstmiddel for sommarsendingane er altså sykkel, og no er teamet i gang med å finne opp Petter-smart-løysingar for korleis dei skal få til ein direktesendt syklande TV-produksjon i timevis kvar dag.

– Det er eit heilt lite TV-studio som skal på hjul, rett og slett. Så vi må finne opp nye ting og vi må tenke ut nye løysingar, forklarar Hellum.

Han meiner dei vil kome svært nært folk og natur på reisa.

– Finst det eigentleg nokon betre måte å oppleve ting langs vegen på enn å gjere det i sakte, bedageleg sykkeltempo? Då trur eg ein både ser og opplever meir enn ein ville gjort med bil.

Sakte-TV-generalen understrekar at dette ikkje skal vere eit ritt.

Alt skal skje i roleg tempo, og i samarbeid med Vegvesenet, politi og sykkelklubbar.

De syv søstre

Helgeland, her med fjellformasjonen De syv søstre, er blant plassane som får besøk av Sykkelsommer.

Foto: Atle Markeng / NRK

Besøker nye plassar

Sykkelsommer har plukka ut tre fylke som får besøk av det syklande teamet: Nordland, Møre og Romsdal og Innlandet.

Sykkelrutene med går gjennom variert og vakker natur.

Sykkelsommer startar i Nordland med ruta Brønnøysund-Nesna, 5.-9. juli.

Frå 12.-16. juli er det Møre og Romsdal sin tur. Sykkelturen går frå Bremsnes til Urke.

Den siste veka med sykkelsending blir frå Elvesæter til Aulestad i Innlandet frå 18.-23. juli.

Visualisering: Anders Nøkling

Grunnen til at desse områda blei plukka ut er mellom anna at dei leitar etter stadar dei ikkje har vore med sommarsendingane sine før.

– Det gjer at vi kjem til nye plassar, men også til mindre plassar. Mi erfaring er at engasjement, stoltheit og glede over der ein bur, er bortimot omvendt proporsjonalt med innbyggartalet, seier Hellum.

Sendingane vil gå frå onsdag til søndag med direktesende minutt for minutt-sendingar på dagtid, og ei kveldssending som blir gjort i opptak når sykkelgjengen når fram til dagens mål rundt klokka 17 kvar dag.

Teknisk leiar Trygve Dahl testar regisykkelen.

Teknisk leiar Trygve Dahl testar regisykkelen som skal produsere Sykkelsommer minutt for minutt.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Vil ha tips

Dei som skal lage sendingane vil svært gjerne ha tips til ting som skjer langs ruta, interessante personar, gode historier, spennande bygningar eller kanskje ei fantastisk naturperle.

Detaljert rute og sendedagar finn du til slutt i artikkelen.

Alle tips kan du sende inn i dette skjemaet:

Tidsplan for Sykkelsommer 2023

Veke 27 Nordland

onsdag 5. juli

Brønnøysund

Tjøtta

31km

torsdag 6. juli

Tjøtta

Herøy

26 km

fredag 7. juli

Herøy

Dønna

38 km

laurdag 8. juli

Dønna

Løkta

25 km

søndag 9. juli

Løkta

Nesna

41km

Veke 28 Møre og Romsdal

onsdag 12. juli

Bremsnes

Bud

58 km

torsdag 13. juli

Bud

Midsund

75 km

fredag 14. juli

Midsund

Tennfjord

53 km

laurdag 15. juli

Tennfjord

Sykkylven

31 km

søndag 16. juli

Sykkylven

Urke

48 km

Veke 29 Innlandet

onsdag 19. juli

Elvesæter

Vågåmo

57 km

torsdag 20. juli

Vågåmo

Otta

32 km

fredag 21. juli

Otta

Ringebu

57 km

laurdag 22. juli

Ringebu

Gålå

45 km

søndag 23. juli

Gålå

Aulestad

52 km