For syklisten er livet enkelt: du trør så lenge det går opp. Så trillar du ned.
Du brukar energi i motbakke, og sparer krefter i utforbakke.
Det er derfor syklistar, fagfolk og sykkelsjefen i Bergen er kritiske til det dei meiner er eit altfor kronglete kryss på byens nye sykkelstamveg på veg inn mot sentrum.
Syklist Ivar Grape Arnesen meiner krysset er konstruert dumt og trafikkfarleg.
– Når me har fått ei så fin løysing som dette, men må bremsa ned to gonger i utforkøyringa her, blir det eit veldig skadepotensial, seier han.
Der syklistane kjem ned ei bratt sykkelbru frå Haukeland universitetssjukehus, møter dei ein smal og krapp 90-graderssving med vikeplikt.
Foto: Leif Rune Løland / NRKVil ha flette-løysing
I dette krysset, ved bybanestoppet i Fløen, kjem ein nemleg inn på den like nye sykkelstamvegen som går frå dei sørlege bydelane Fana, Ytrebygda og Fyllingsdalen, via Minde og inn til Bergen sentrum.
I botnen av bakken må syklistane på veg ned brua derfor bremsa opp og miste fart før den lange flaten langs Store Lungegårdsvann.
– Kryssområdet burde vore breiare, slik at ein kunne fletta betre, slik ein lagar det til for bilar som køyre fort, meiner han.
– Mange kjem ned her med litt fart, men planleggarane må ha sett føre seg syklistar i bedageleg tempo «med blomar i korga», ifølge Ivar Grape Arnesen.
Foto: Sissel Rikheim / NRK– Merkeleg sving
Alle som har prøvd, veit at det finst gode og dårlege sykkelvegar. På nokre seglar du av garde, flatt og fint, gjerne i slake svingar gjennom frodig natur. Andre stader er det kryss, bratte kneiker, trafikkstøy, kronglete omvegar på bru over bilvegen.
Her er nokre døme:
Den svingande «Sykkelslangen» i København gir syklistane ei god «flytkjensle».
«Noregs flottaste sykkelveg». 13 km sykkelstamveg med gul midtstripe Stavanger-Sandnes blir ferdig i 2025. Prislapp nær 2 milliardar kroner. Nokre delar er opna.
Sykkelvegen gjennom Tiedemannsbyen i Oslo
På Fløen i Bergen sluttar «flyten» brått når ein må bremsa ned i den krappe svingen nederst på den bratte brua.
Kjip eller flott sykkelveg?
Veit du om andre sykkelvegar som er kronglete omveg eller strake vegen? Kupert eller lett å trø? Stressande eller idyllisk? Humpete eller jevn? Gi meg eit tips!
Sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Johan Grieg, er delvis einig i kritikken mot den nye krysset ved Fløen.
– Det ser litt merkeleg ut sett frå sykkelperspektiv. Sjølve utforminga er litt rar med denne nittigraderssvingen.
Han meiner likevel at trafikktryggleiken i krysset fungerer bra.
– Ein har veldig god oversikt over trafikken nedanfor. Ein får litt fugleperspektiv ned på den andre sykkelvegen.
Mange syklar heller «rett fram» og brukar motgåande felt på flaten som «flettefelt».
Foto: Leif Rune Løland / NRKMen det er om ein køyrer etter reglane. Det er det slett ikkje alle som gjer.
– Syklistane svingar jo i praksis ikkje nitti grader. Dei tar ein shortcut i den svingen, seier Grieg.
– Bygd etter «bil-logikk»
Arkitekturmeldar Anders Rubing kritiserte nyleg dette sykkelvegkrysset i Bergens Tidende.
– Det er trist at når ein lagar ein ny sykkelveg, verkar det som ein har gløymt korleis det er å sykla, seier han til NRK.
Rubing meiner det «firkanta» krysset er eit døme på at vegnormalen til Statens vegvesen skapar sykkelvegar som tilsynelatande er bygde etter ein biltrafikklogikk, heller enn ein sykkellogikk.
– På sykkel handlar det om flyt og samhandling, og å utnytta farten i nedoverbakke. Ein tilpassar seg annan trafikk med blikkontakt og fleksibilitet.
Det er det fylkeskommunale selskapet Bybanen Utbygging som har vore byggherre for sykkelanlegget. Til kritikken svarar dei at alt er gjort i tråd med Statens vegvesen sine normer og handbøker.
– Dei som kjem frå ned sykkelbrua er på ein tilførselsveg til sykkelstamvegen, så dei har vikeplikt, seier prosjekteringsleiar Arild Tveit.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Syklistar må følga trafikkreglane
Tveit avviser forslaget om flettefelt for å gi betre flyt for syklistane ned den bratte brua.
– For å komma inn på ein stamsykkelveg, er reglane at krysset må vera vinkelrett.
Også brua på tilførselsvegen har mykje trafikk. Den kjem ned frå området med dei to sjukehusa Haukeland og Haraldsplass, med høvesvis 14.000 og 1250 tilsette.
– Er det kjipt at syklistane må stoppa opp i utforkøyringa?
– Syklistane må følga trafikkreglane, på lik linje med bilistane, seier Tveit.
Pernille Heilmann Lien i arkitektfellesskapet Lala Tøyen i Oslo har utforma fleire sykkelvegar og sykkelbruer.
– Ein ikkje berre ture og gønne på. Ein må jo ta omsyn sjølv om det er nedoverbakke, seier ho.
Vegnormalane til Statens vegvesen krev at på ein stamsykkelveg må kryssa vera vinkelrette, opplyser Bybanen Utbygging.
Foto: Bybanen Utbygging– Bygt er bygt
Syklist Arnesen vedgår at han kritiserer krysset i Fløen med blanda kjensler når han trass alt er veldig nøgd med å ha fått ein flott sykkeltrasé inn til bysentrum.
– Men det er veldig synd at eit så flott og dyrt prosjekt fører til at syklistar blir i vegen for kvarandre.
Byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) forstår frustrasjonen.
– Eg skjønar at det er dumt. Viss tilbakemeldinga er at me har bygt eit kryss som ikkje fungerer, er det likevel bygt. Eit nytt kryss får me ikkje bygt, men får me inn forslag til tilpassingar me kan gjera, skal me sjølvsagt vurdera det, seier ho.