– Folk som kjem over spor må melde frå med ein gong, slik at vi kan få sjekka det opp. Vi treng fleire spor for å vere sikre, og vil helst sjølv følgje spor i terrenget, seier Rein Arne Golf som er rovviltkontakt for Statens naturoppsyn i fylket.
Før helga kom det på ny meldingar om at det er sett spor av ulv i Naustdal. Leiar i Naustdal sau- og geitealslag, Vidar Heggheim, er hundre prosent sikker på at det er nok ein ulv på ferde.
– Eg kjenner ikkje andre dyr som går i marka med slike potar og slik avstand mellom spora. Eg er sikker på at vi fredag såg ulvespor fleire stader i kommunen, seier Heggheim.
Avviser ikkje at det kan vere ny ulv
Gjennom heile beitesesongen var det ulv på ferde i området, og den tok minst 160 sauer. I løpet av veka får ein truleg svar på om ulven som vart skoten i desember er den svenske hannulven som ein har fått DNA-treff på tidlegare. Spekulasjonane om det kunne vere meir enn ein ulv har gått lenge, og i Naustdal er dei sikre i si sak.
- Les også:
– Vi gjekk etter spor laurdag, og når vi var komne slik at ulven merka vi var nære, då såg vi på spora at han sprang litt, og så sneik den seg vekk inn i skogen. Og slik heldt vi på, fortel han.
Ifølgje Golf kan gode spor i snøen raskt avsløre om det er ulv eller hund som har vore på ferde.
– Ulven går forsiktig og målretta, og er redd for å eksponere seg. Hunden går heilt annleis. Den går meir på måfå og sjekkar ut ting i terrenget, fortel han.
Ein ventar framleis på svar på fire DNA-prøvar, som vart samla inn før Naustdal-ulven vart skoten i desember. Bilete av spora ein har kome over no er sende over til Golf i SNO, men utan DNA-spor og sjanse til å følgje spora sjølve, så vil ikkje Golf seie kva han trur om sjansane for at det er ein ny ulv på ferde.
– Vi kan på førehand aldri seie kvar ein ulv vil dukke opp, seier han.
Det er gjeve fellingsløyve på ein ulv til, og i Naustdal er ein klare dersom dyret skulle dukke opp.
- Kvoten er to dyr, og det er skote eitt, så det er naturleg at vi skyt den siste om vi får sjansen, seier Heggheim.