Ulven har i sommar vore observert fleire stader i Førde og Naustdal. Statens naturoppsyn har stadfesta at ulv har teke minst 160 sauer.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ulven blei felt etter sporing basert på observasjonar gjort på sundag seier Stein Mortensbakke, som er leiar for jaktlaget.
God planlegging
Ulven vart skoten i området ovanfor Espeland mot Espelandsstølen i Naustedalen. Det er 64 år sidan sist ein ulv vart skoten i Sunnfjord.
Eit jaktlag på fem personar hadde spora ulven etter observasjonar som vart gjort sundag. Mortensbakke vil ikkje gå i detaljar om korleis sjølve fellinga vart gjort, men seier det skjedde etter god planlegging.
– Vi spora han i eit området der vi rekna med han kom til å gå, no når det kom så mykje snø.
– Kor sikre er de på at det er sunnfjordulven de no har felt?
– Det er vi rimeleg sikre på i og med at den blei felt i kjerneområdet for ulveobservasjonane som har vore gjorde sidan tidleg i august.
Ulven har vore observert fleire stader i Sunnfjord og også Hyen, det har fått fleire til å meine at det kan vere snakk om fleire ulvar som har vore i området. Så langt har DNA- prøvane som har vore gjorde synt DNA frå ein ulv som er komen frå Sverige. Mortensbakke vil i dag ikkje spekulere i om det kan vere fleire ulvar i området.
- LES OGSÅ:
– Det blir berre spekulasjonar. Vi har felt den vi har prov for har vore her. Men no får vi raskt avklart om dette er ulven som vi har fått prøvar frå tidlegare. Men vi kjem nok framleis til å halde eit auge med spor og slikt, for å sjå om det dukkar opp nye.
Rovviltkontakt Rein Arne Golf er no på veg til staden for å sikre seg naudsynte prøvar av ulven.
Gjort stor skade
Statens naturoppsyn stadfestar at ulven har teke minst 160 sauer i området. Tidlegare i haust opplevde ein sauebonde i Angedalen i Førde at ulven var så nærgåande då han skulle flytte nokre sauer, at han måtte kaste stein på ulven for at den skulle flytte seg.
Seinare i haust tok ulven ein sau og eit lam på beite berre fire kilometer frå Førde sentrum.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det kjennest svært bra å ha felt ulven. Det er mange som har jobba lenge for dette, vi har hatt eit godt samarbeid på tvers av alle kommunane der ulven har bevega seg.
Trugsmål
Ikkje alle har vore like begeistra for jakta på ulven. Fleire av jegerane har i løpet av hausten motteke trugsmål. Mortensbakke reknar med at det kjem til å kome reaksjonar no når ulven er skoten.
– Vi kjem til å skjerme jaktlaget, og elles vil eg seie at vi har utført ein lovleg jobb. Det er bestemt at ulven ikkje skal vere her, så akkurat det uroar eg meg ikkje for. Dei organiserte dyrevernorganisasjonane i fylket har jo støtta oss, sjølv om dei helst hadde sett at ulven hadde blitt bedøvd og flytta.
Kva skjer med ulven som blei felt i dag?
– Sjølve skrotten er Statens naturoppsyn sin, men skinnet og hovudet reknar eg med vi får tilbake.