Hopp til innhold

Intens jakt på nye ulvespor i Naustdal

Fredag gjekk kring 30 personar rundt i Naustdal for å leite etter sikre bevis på at det ikkje berre har vore ein, men fleire ulvar i området. Sporinga held fram søndag.

Ulv skutt i Naustdal

HANNULV: Denne ulven kom frå Sverige og streifa rundt i Sunnfjord store delar av 2014. Mange meiner den ikkje har vore åleine i skogen. Mange deltek no i sporingsjakta for å finne ut om det kan vere nok ein ulv i Naustdal.

Foto: Stein Mortensbakke

– Vi såg spor, og eg trur vi var veldig nær ulven. Eg har sett ein del ulvespor siste året, og eg blir særs forundra dersom det vi no har sett ikkje er det, seier leiar i Naustdal sau- og geitealslag, Vidar Heggheim.

Gjennom sommaren har ulv teke minst 160 sauer i Naustdal. Også i nabokommunar som Gloppen og Førde vart ulven sett. Like før jul lukkast eit jaktlag med å felle ulven, men gjennom heile beitesesongen har det vore spekulert i om det kan ha vore meir enn ein ulv på ferde. Heggheim er heilt sikker på at ulven som vart skoten i desember ikkje var åleine.

– No ser vi at den spring etter hjort, og eg trur ulven ligg nokså mett og god inne i skogen, seier han.

Vidar Heggheim vil bli kvitt ulven til neste beitesesong

SIKKER: Leiar i Naustdal sau og geit, Vidar Heggheim, kjenner seg sikker på at det har vore meir enn ein ulv på ferde i området.

Foto: Bård Siem / NRK

Dersom ein skulle kome over ulven, så er det gjeve løyve til felling av ein ulv til i området.

Enorm kartleggingsjobb

Fredag skreiv nettstaden fordeby.no om nye spor av ulven. Då var det godt vêr for å undersøke spor i snøen, og kring 30 personar var ute for å prøve å finne å finne ulven. Mange trassa også ekstremvêret Nina laurdag og prøvd å finne nye spor etter gråbeinen, for det er sauebøndene i området avhengige av.

– Vi var letta då ulven vart skoten, men vi som har vore tettast på dette har gått med ei frykt for at utfordringa var større. Vi har fokus på sporing og vil ha det gjennom heile vinteren. Vi må kartlegge så godt som mogleg før neste beitesesong, seier leiaren for sauebøndene.

Søndag har vêret betra seg, og også i dag er det folk ute i Naustdal for å leite etter ulv. Spora skal vere sett både i indre og ytre delar av kommunen.