Hopp til innhold

Ulven i Naustdal er svensk - ikkje overraskande, meiner ekspert

Ulven som har herja i Naustdal er svensk. – Det overraskar ikkje

Ulv eller hund

ULVEN I NAUSTDAL VAR SVENSK: Ein ung hannulv har vandra frå eit svensk revir om lag 450 kilometer i luftlinje til Naustdal viser dna-prøver.

Foto: Ann Elen Endestad

– Vi har funne ut at det er ein hannulv. Han er fødd i eit heilsvensk ulvererevir som ligg ikkje langt frå Riksgrensen i Sverige. Det fortel Morten Kjørstad som er leiar for Rovdata.

Rovdata har analysert ekskrement frå ulven som har herja i Naustdal i sommar.

I Naustdal har dei hatt mistanke om at ein ulv herja i saueflokken sidan 9. august då dei fann det første kadaveret av sau.

Bøndene har mista mellom 30 – 40 sauer. I Indre Sogn har jerven teke mellom 400 – 500 sauer. Ulven i Naustdal vart første gong observert 19. september.

Veit lite om ulven

DNA-spor viser at ulven i Naustdal kjem frå det heilsvenske området Kläggen om lag ei mil frå riksgrensa til Norge. I luftlinje er det cirka 450 km til Naustdal. Men korleis ulven har gått for å komme seg til Naustdal veit ingen.

– Vi har ikkje noko DNA-treff på ulven frå før. Vi har ikkje fått noko skit frå vandringa ulven har hatt frå Sverige til Naustdal.

Førebels har ikkje Rovdata fleire spor av ulven, men ser ikkje bort frå at Rovdata kan ha fått prøver frå ulven utan at dei er analysert.

Ikkje overraskande at ulven er svensk

– Det er ikkje veldig overraskande for oss at ulven har vist seg å vere fødd i eit svensk revir.

Rovdata sine observasjonar har dei siste åra vist at ulvekvalpar som vert fødde i Sverige, har ein tendens til å vandre og mange av dei trekkjer sørover.

– Det er jo mange fleire ulv i Sverige enn i Norge i dag. Så dette er ikkje overraskande.

Om ulven har tenkt å bli verande i Naustdal er usikkert.

– Vi veit at ulven vandrar for å finne ein partnar. Denne hannulven vil ikkje finne ein partnar i Naustdal. Så truleg må ulven trekke austover att for å finne det.