Hopp til innhold

Tørke og vassmangel kan stogge syltetøygiganten

Tørken kan ha fått eit nytt offer: syltetøyproduksjonen i «saft-bygda» Sogndal. No skal Lerum ha krisemøte med kommunen.

Brødskive med syltetøy

VASSMANGEL: Om det tørre vêret held fram er Lerum alvorleg bekymra for at dei må redusere produksjonen av mellom anna saft og syltetøy.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Hovudkjelda til drikkevatn i Sogndal kommune er no så låg at innbyggarane har fått melding frå kommunen om å avgrense vassforbruket sitt.

Basert på utrekningar meiner kommunen rett og slett at vassforsyninga kan gå tom.

Lerumfabrikken på Kaupanger har difor sett i gang tiltak for å avgrense forbruket. Til vanleg nyttar dei i snitt 500.000 liter vatn om dagen.

– I verste fall vil vi ikkje ha vatn til reinhald av frukt eller til produkta, seier administrerande direktør i Lerum, Stein Klakegg.

Måndag skal dei ha krisemøte med kommunen.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

Lerumfabrikken i Kaupanger

STORT FORBRUK: I gjennomsnitt nyttar Lerumfabrikken på Kaupanger 500 000 liter vatn til dagen.

Kan bli tomt til våren

Nedbørsmengdene i store delar av Vestland er 90 prosent lågare enn normalt, noko som har gått utover straumprisar, laksefiske og beitesesongen.

Likevel har det tørre vêret gitt ein uvanleg god fruktsesong.

I Sogndal har kommunen bedt innbyggarane om å droppe vatning av plen, vask av vindauge, bil og liknande.

– På bakgrunn av dei utrekningane vi har gjort har vi valt å oppmode innbyggarane om å redusere forbruket, seier avdelingsleiar i vatn og avløp i kommunen, Gjert Dahl.

Eit liknande varsel kom i august.

– Vi såg at effekten av varselet hadde minka, så vi sende eit nytt varsel med skarpare ordlyd, seier Dahl.

Laster Twitter-innhold

Vassverkeigar sit med ansvaret

Det er vassverkeigarar som er ansvarlege for forsyninga av drikkevatn. Ofte er det kommunane sjølv som eig vassverka dei nyttar.

I Oslo har Mattilsynet har pålagt kommunen om å finne ei reservevasskjelde.

Det var i samband med dette arbeidet at byrådet i sommar vart felt av Raudt.

Dei siste åra har Mattilsynet arbeidde med leveringssikkerheit og spurt vassverka korleis dei vil levere drikkevatn i situasjonar med vassmangel eller forureining.

– Uansett kva som hender skal det vere eit system på plass som gjer at dei klarer å levere drikkevatn. Her finst det ulike løysingar, men det skal vere ein beredskapsplan på plass, seier Grete Mollan Breisnes, som er seniorinspektør i Mattilsynet.