Hopp til innhold

Rekordhøge straumprisar: – Nesten billegare å kjøpe ved på bensinstasjonen

Straumekspertane trur at kombinasjonen av tørkesommar, lite nedbør i haust og ein kald vinter kan føre til kraftig auke i straumprisane.

For rundt 40 år sia gjekk Årdal og Sunndal verk i gang med kraftutbygging i Nyset-Steiggjevassdraget. Dei demde opp Riskallsvatnet og la med det Vikastølen under vatn. Forrige helg var vatnet så nedtappa at dei gamle stølsmurane kom over vassflata att.

SVÆRT SYNLEG: Kraftmagasina i Sør-Noreg er kraftig nedtappa mange stadar, som her i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Tida er byrja å bli knapp med tanke på kor mykje nedbør vi kan få før det frys til og blir snø. Då kjem det ikkje noko ekstra vatn i magasina før snøen smeltar til våren.

Det seier sjefsanalytikar i konsulentselskapet Volue Insight, Tor Reier Lilleholt.

Som ekspert på den europeiske kraftmarknaden, fryktar han no at prisane til norske hushaldningar kan kome opp på same nivå som til dømes Tyskland.

I verste fall over to kroner kilowatten.

– No er det definitivt rimelegare dersom du har ein ok tilgang på ved. Det er nesten slik at det er billegare å kjøpe ved på bensinstasjonen enn å kjøpe elektrisk straum no, seier Lilleholt.

Han seier at det ikkje er lett å avgrense prisen.

– Vi kan gå mot enda høgare prisar. Eg har aldri sett så høge prisar i september, slår han fast.

  • Førre veke var snittprisen per kilowattime i Danmark og Tyskland 130 øre, medan tilsvarande pris i Sør-Noreg var 110 øre.
  • I Nord-Noreg låg prisen på om lag 50 øre per kwh.

Mange vatn er nedtappa

I fjellområda i Sør-Noreg er situasjonen den same ei rekkje stadar. Dei regulerte fjellvatna og vassdraga er kraftig nedtappa.

Noko som er svært synleg, blant anna i fjella rundt Årdal i Sogn.

For rundt 40 år sidan gjekk Årdal og Sunndal verk i gang med kraftutbygging i Nyset-Steiggjevassdraget.

– Dei demde opp Riskallsvatnet og la med det Vikastølen under vatn. Førre helg var vatnet så nedtappa at dei gamle stølsmurane kom over vassflata att, fortel pensjonert NRK-reporter Kjell Arvid Stølen.

– Risikerer høge prisar

Det er denne situasjonen som kan føre straumprisane i Sør-Noreg til nye høgder, meiner analytikar Lilleholt.

– Det kritiske no er om vi har nok vatn til å dekke behovet fram til våren. Får vi ikkje nedbør gjennom hausten og får vi ein kald og normal vinter, og difor må spare vatn, risikerer vi like høge prisar som på kontinentet, meiner han.

Han peikar også på den nye straumkabelen mellom Storbritannia og Noreg som ein usikker faktor. Hos naboane våre i vest har straumprisane tidvis vore ekstreme den siste tida.

I Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) følgjer dei situasjonen nøye frå dag til dag og ser at mengda vatn i kraftmagasina er på 65 prosent av det normale.

Det dei kallar fyllingsgraden.

Ann Østenby, seksjonssjef i Norges vassdrags- og energidirektorat.

FØLGJER NØYE MED: Ann Østenby i NVE.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Usikre på nedbøren i haust

Men i motsetning til analytikaren meiner seksjonsleiar Ann Østenby i NVE at situasjonen ikkje er dramatisk.

– Vi veit framleis ikkje kva hausten vil bringe av nedbør, men vi følger situasjonen tett. Vi har eit veldig vêravhengig kraftsystem, særleg på produksjonssida. Difor er vi heilt avhengige av kva vêr det vil bli, og det er vanskeleg å spå i lang tid framover.

Men ho medgjev at straumprisane for folk flest framover hausten og vinteren er avhengige av korleis vêrsituasjonen utviklar seg, særleg i Sør-Noreg.

– Straumprisane no er svært høge og mykje høgare enn kva vi er vande med. Men det er eit veldig viktig poeng at i 2020 så var straumprisane noko av det lågaste vi har sett. Det er ein indikasjon på at dette forandrar seg veldig fort, seier Østenby.

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight

UROA: Tor Reier Lilleholt ser tydelege teikn til at straumprisane til sluttbrukarane vil kunne auke enno meir framover.

– Vurder fastpris

På Sørlandet ser sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt at enkelte nok kan spare litt på å inngå fastprisavtalar med sin straumleverandør.

– Det ligg avtalar ute i marknaden no på 80 øre per kwh pluss moms, så det er ganske rimeleg slik prisane elles er no. Men elles må folk og bedrifter sjå på ulike sparetiltak, meiner Lilleholt.