Hopp til innhold

Tørken gjer at dyra skundar seg ned frå fjellet på eiga hand

Knusktørt gras og tomme bekkar gjer at sauer og geiter vil heim att. Det skaper i sin tur press på slakteria.

Frå Hognaåsen i Lærdal, 910 moh. Her det knusktørt. Nokre få sauer finn litt beite, men langt mellom saftige grasstrå.

KNUSKTØRT: På Hognaåsen, 910 moh., i Lærdal er det knusktørt. Nokre få sauer finn litt beite, men det er langt mellom saftige og næringsrike grasstrå.

Foto: Jan Christian Jerving

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi måtte hente heim dyra nesten to månader før dei skulle, seier geitebonde Andreas Wiese.

I generasjonar har vasskjelda på stølen i Luster i Sogn forsynt husdyr og folk med reint, friskt fjellvatn.

Saka vart først omtalt i Harvest Magazine.

Men tørt og næringsfattig gras, og lite vatn i fjellet, gjer at leiaren i Luster Bondelag allereie har vore nøydd til å ta med seg geiteflokken heim att alt 1. august.

Andreas Wiese

GEITEBONDE: Andreas Wiese måtte hente heim geitene sine to månader før tida.

Foto: Privat

I august sette 38 målestasjonar i landet tørkerekordar. Om lag halvparten av dei er i det tradisjonelt regntunge vestlandet.

Laster Twitter-innhold

Kan gå med tøflar i fjellet

I Angedalen i Førde er det så tørt at sauebonde Håvard Larsen seier han «kan gå med tøflar i fjellet».

Gjennom vindauget ser han dyr som trekker ned frå fjellet heilt på eiga hand, og sjølv skal han hente heim sauene sine komande helg.

Tre veker før han elles ville ha starta sankinga.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett liknande. Det er vanskeleg for dyra å finne vatn. Det er knusktørt og skikkeleg brunt, fortel han.

I Ulvik i Hardanger har sauebonde Hans Uglenes meir enn 130 sauer og lam ute på beite.

– Dei første kom heim att alt i juli. I terrenget som er sørvendt er graset brunt. Det luktar nesten tørrhøy enkelte stader, fortel han.

Håvard Larsen i sauefjøset

TIDLEG SAUESANKING: Bonde Håvard Larsen i Førde skal til fjells for å hente sauene sine tre veker før han normalt ville ha gjort det.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Risikerer å miste vassforsyninga

– Mange private brønnar er tomme, og fleire risikerer å miste vassforsyninga om tørken held fram, seier Herve Thierry Colleuille.

Han er leiar for varslingstenesta hos Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE), og seier grunnvasstanden fleire stader aldri har vore så låg sidan dei starta målingane for meir enn 20 år sida.

Grunnvatnet er kjelda til vatn i elvar, bekkar, innsjøar og kraftmagasin.

I tillegg fører tørken til stor skogbrannfare.

– Kor mykje og kor lenge må det regne for at tørken skal verte historie?

– Det er vanskeleg å berekne. Men det må regne i fleire dagar, kanskje fleire veker, for at situasjonen skal verte normal igjen.

Herve Thierry Colleuille i NVE

ÅTVARAR: Seksjonssjef Herve Thierry Colleuille i NVE seier at det må regne i fleire dagar, ja kanskje veker, før grunnvasstanden når normale nivå igjen.

Foto: Birger Kjølberg/NRK

Leverer tidlegare til slakt

Fabrikksjef Eivind Fonn ved slakteriet til Nortura i Førde fortel at dei har merka auka pågang av bønder som vil levere husdyr til slakt tidlegare enn dei pleier.

– Så langt har vi klart å handtere den auka mengda. Vi såg tidleg at situasjonen kunne verte slik, og har teke høgde for det, seier han.

Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, seier tørken skapar uvisse og ekstrakostnader for bøndene.

– Eg håpar dette ikkje er den nye normalen. Vi hadde jo ein tørkesommar i 2018 også, seier han.

Det same seier Andreas Wiese, geitebonden i Luster:

– Når dyra kjem heim nesten to månader før dei skulle, går det jo utover vinterfôret. Det betyr at eg får ekstra kostnader til fôr, samstundes som geitene mjølkar mindre.

Svidalselva i Jølster.

TØRT: Slik er tilstanden i mange elvar på Vestlandet for tida. Dette biletet er frå Svidalselva i Jølster.

Foto: Håvard Heggen / NRK