Hopp til innhold

Går mot den beste fruktsesongen i Hardanger nokon sinne

– Det er nok riktig å seie at me har eventyrlege, om ikkje historisk gode avlingar i år, seier fruktbonde Harald Alvavoll.

Epletre på Lofthus

EPLE: Det retteleg bugnar av eple i Hardanger. Ullensvang fruktlager anslår at det vil hausta om lag 1.795.000 kilo epler i Hardanger i år.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Siderprodusent og fruktbonde Harald Alvavoll sparar ikkje på lovorda når han blir spurt om kva han syns om fruktsommaren så langt.

På garden hans på Lofthus står er det 30 dekar med eple, plommer, morellar og pærer. Berre sistnemnde ligg an til å ikkje slå rekord i år.

Harald Alvavoll

EPLEKJEKK: Fruktbonde Harald Alvavoll er særs nøgd med fruktavlinga så langt i år.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– No håpar me berre at temperaturane går litt ned, sånn at me kan gjera ferdig tynningsarbeidet før me byrjar å hauste, seier Alvavoll.

Tynninga går ut på å plukka vekk dei epla som ikkje er store eller fine nok, for å få dei resterande til å veksa seg litt større.

Det bidreg òg til at trea ikkje slit seg ut med å bera tunge frukter, som gjer at det blømer kvart år.

Tynning av epletre

TYNNING: På bakken ligg epla som ikkje fekk lov til å bli store og saftige.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Eit fruktbart luksusproblem

Lenger oppe i bakkane står det morelltre i store plasttunnelar. Dei er modne til plukking, og nokre av trea har så mykje frukt at greinene bøyer seg mot bakken.

– Kan det bli for mykje frukt?

– Me bønder finn alltid noko å klaga på, og i år er det at det er rett og slett litt for mykje, seier Alvavoll spøkande.

Moreller på Lofthus

MYKJE FRUKT: Morelltrea klarar så vidt å halde seg oppreist.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ikkje alle år byr på like mykje frukt. Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2020 før det var den verste plommehausten på 60 år.

Ifølge Alvavoll går det i syklusar.

– Statistisk sett får me dårlege år kvart femte år. Så 2020, 2015 og 2011 var år med ein kald vår, og låge snittemperaturar om sommaren, seier Alvavoll og plukkar ned eit par eple som må vika for å gje plass til dei større.

Klimaendringar har gjort at snittemperaturen har gått jamt oppover dei siste åra. Det fører til at vekstsesongen blir lenger, og at areal som ligg høgare oppe og vender meir mot nord kan bli tatt i bruk.

– Me veit jo at kollegaer andre plassar i verda ikkje profitterer på same måten med tanke på klima, så me må vera audmjuke, seier Alvavoll.

God teknikk og nydyrka felt

Kari Opedal frå Ullensvang fruktlager er deler optimismen til Alvavoll.

– Volummessig sett blir dette det beste året nokon sinne for Ullensvang Fruktlager sin del. Dette har samband med intensiv dyrking og god dyrkingsteknikk, god utnytting av areal og nydyrka felt som no slår til, seier Opedal.

Nedanfor ser ein i kilo kor mykje frukt som har blitt hausta dei siste åra, og kva som truleg kjem til å bli hausta i år.

Likare fjoråret i Telemark

Fruktbøndene i Telemark får også ein grei frukthaust.

– Me er godt nøgde, sjølv om me kanskje ikkje ser den veksten me hadde venta, seier dagleg leiar i fruktlageret Telefrukt, Bjørg Hesthag.

Dei ventar å få ta i mot mellom 160 og 170 tonn moreller, og omlag 300 tonn moreller. Det er meir enn i fjor. Den siste epleprognosen har Telefrukt enno ikkje fått.

– Nokre av produsentane har vore utsett for store frostskadar på nyplanta epletre, og fått store skadar. Viss me ser på det totale biletet, ligg me truleg på om lag den same eplehausten som i fjor, seier Hesthag.