Hopp til innhold

Her skulle Eiliv stått i lakseelva med vatn til brystet

I den kjende lakseelva Nausta i Sunnfjord er vassføringa den lågaste dei nokon gong har målt. Framtida for villaksen er i spel, meiner elveeigaren.

Leiar i elveeigarlag i Nausta, Eiliv Erdal

VASSMANGEL: Leiar i elveeigarlaget i Nausta, Eiliv Erdal, trur knapt sine eige auge. – Vi skulle jo stått med vatn opp til brystkassa her.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Målestasjonar i Vestland har hatt opp til 92 % mindre nedbør enn gjennomsnittet denne sommaren.

Ein snøfattig vinter kombinert med ein uvanleg tørr sommar har gått utover elver og vassdrag i Vestland.

I elva Nausta i Sunnfjord er vassføringa den lågaste dei har sett sidan målingane byrja i 1963.

– Vi skulle jo stått med vatn opp til brystkassa her, men i år står vi på tørr jord, seier leiar i elveeigarlaget i Nausta, Eiliv Erdal.

Gir elendig laksefiske

Den ekstreme tørka i Vestland gjer at husstandar med private vassverk er tomme for vatn.

I Nausta går vassmangelen kraftig utover fiske i den kjende lakseelva.

– Der det ikkje er vatn er det heller ikkje fisk. I tillegg er det lille vatnet igjen varmt med lite oksygen. Det gir dårlege kår for fisken, seier Erdal.

Laksefiskar Børre Pettersen har vore stamgjest i Nausta sidan 70-talet. Som mangeårig leiar i Norges jeger- og fiskerforbund, er han no veldig uroa.

– Det har ikkje vore ein fiskesesong, det har vore ein badesesong. Eg har ikkje sett elva så liten nokon gong. Det er heilt ekstremt, seier han.

No fryktar dei begge for laksebestanden i elva.

I Nausta har dei fleire stader greve i elva for å gi plass til vatnet når det fløymer. Det gir også lakseyngelen ein gøymestad når det er tørt.

– Vi har teke vekk halvannan meter med sand og lagd store hol for fisken. Forhåpentlegvis bergar vi tusenvis av lakseyngel som sannsynlegvis ville døydd elles, seier leiar i elveeigarlaget, Erdal.

Børre Pettersen og Eiliv Erdal.

REDD: Laksefiskar Børre Pettersen (t.v.) og leiar i Nausta elveeigarlag er redd for laksebestanden i elva dei begge er så glad i.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Fryktar for gytesesongen

Gytesesongen for laks varer vanlegvis ut hausten. Om tørka held fram kan det få kraftige følger for gytinga og den generelle bestanden i elva.

– Viss dette blir normalen er det utfordrande. Gytesesongen er heilt avhengig av at det kjem regn, seier Pettersen.

Det er heldigvis meldt regn til helga, men laksefiskaren fryktar for at det ikkje vil gjere nokon stor forskjell.

– Når det har vore tørt så lenge treng ein veldig mykje regn for at det skal renne ut til elva og få følger for vasstanden, seier han.

Tidlegare målingar som er gjort av yngel tyder på at Nausta framleis er eit yndande gytemål for laksen.

I teljinga på yngel spåast 2022-sesongen til å kunne verte rekordsesong.

– Håpet er jo der. Det er slik det er med oss laksefiskarar, fortel Erdal.

Slik er stoda for laksefisket rundt om i Noreg:

Finnmark og Troms:

  • Mykje innsig av den uønska arten pukkellaks i Finnmark
  • Sviktande innsig av den ønska atlantiske laksen
  • Fleire elver er stengde eller har redusert fangsttid

Trøndelag:

  • Innsiget av storlaks i Namsenfjorden er det lågaste sidan 2013
  • Elver som Gaula er stengde på grunn av tørken

Vestland:

  • Svært lite fangst av laks i høve det normale i mange elver
  • Sesongen kutta med 14 dagar i fleire elver
  • Lærdalselvi er kun open for sjøaurefiske
  • God oppgang i Etne og jamt god sesong i Suldalslågen

Jæren og Agder:

  • Varierande oppgang av laks, men ting tyder på sviktande innsig av laks frå kysten der også