Hopp til innhold

Tøffe og travle dagar for ordføraren

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal har vore gjennom slitsame dagar etter brannen. Mange treng hjelp og mange vil ha informasjon. Måndag fekk hadde han 258 telefonsamtalar og gjorde 40 intervju.

Jan Geir Solheim

STORT PRESS: Det har vore mykje mediefolk i Lærdal denne veka og mange som vil ha eit intervju med ordføraren.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Den kraftige brannen i Lærdal øydela 40 bygningar, der 17 er bustadhus. Det har ført til at mange har mista heimane sine. Ordførar Jan Geir Solheim seier det har vore mykje å gjort i den situasjonen dei i no. Det har gått i eitt sidan natt til søndag og det har blitt lite søvn.

– Det har vore eit stort trykk og mykje å setje seg inn i og svare på. Eg har ikkje tenkt på anna enn brannen og har ikkje vore heime sidan laurdag, seier han.

Stort medietrykk

Det har vore mykje å halde styr og eit stort pressekorps har i fleire dagar vore i bygda. Det er mange som vil ha tak i ordføraren.

– Måndag hadde eg 258 samtalar på mobilen min og 120 tekstmeldingar. E-posten hadde eg ikkje tid å lese. Eg blei intervjua 40 gonger og i tillegg kom statsminister Erna Solberg på besøk til oss. Så måndag var ein heftig dag på jobben, seier han.

Stor givarglede

Fokuset denne veka har vore å hjelpe alle dei som har mista mykje. 40 bygningar, av dei 17 bustadhus, forsvann i flammane. Kommunen har fått mange førespurnader frå folk som treng hjelp. Dei har også opplevd ei stor givarglede blant dei mange i Norge som har følgt katastrofen i Lærdal.

– Vi har fått så mykje klede at eg både er overraska og overvelda. No er det ikkje plass til meir i det lokalet vi har.

Rosar kollegaer

Ordføraren rosar dei mange som jobbar i teamet med han og seier dei gjer kvarandre gode.

– Vi stolar på kvarandre. Eg kan tre fram slik eg har gjort fordi eg har flinke folk med meg, seier han.

Mange ordførarar frå andre kommunar har også stilt opp. Det har gleda Solheim.

– Eg har hatt veldig støtte frå ordførarar rundt meg. Det har vore godt å sjå korleis vi stiller opp for kvarandre. Eg har hatt besøk frå ordførarar som har kome inn her, teke ein kaffikopp og så har dei teke over dei oppgåvene eg har ønska. Det har vore fabelaktig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Lærdal

STORBRANN: Brannen tok 40 bygningar på Lærdalsøyri natt til søndag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Gruar seg til kvardagen kjem

Lærdal kommune er tilbake i vanleg drift når det gjeld skule, barnehage, helse og pleie og omsorg. Mykje har roa seg ned, men framleis ventar mykje arbeid.

– Vi på rådhuset skal serve alle som treng hjelp og støtte, seier han.

Alt det vanlege kommunale arbeidet har blitt skyvd til sides desse dagane. Mellom anna skulle han vore i Oslo på kommunereformdagane.

– Denne veka har vi ikkje anna enn brannen på planen. Kommunen har ei stor utfordring på enkelte område. Eg må seie eg gruar meg litt til kvardagen kjem, seier han.

Torsdag kjem kongeparet på besøk til Lærdal. Her kan du lese kva dei skal gjere under besøket

Lærdal etter brannen

UTBRENT: Slik såg det ut i Lærdal søndag ettermiddag.

Foto: Oddleif Løset / NRK