Hopp til innhold

Han mista huset sitt for andre gong i brann

LÆRDAL (NRK): Frode Larsen mista huset i brann for 11 år sidan – søndag opplevde han det same igjen då storbrannen i Lærdal tok huset på nytt.

Frode Larsen mista huset i brann for 11 år sidan – søndag opplevde han det same igjen då storbrannen i Lærdal tok huset på nytt. Reporter Kjellrun Lavik - foto: Ole Andre Rekkedal - redigering: Johan Moen

MISTA HUSET: Linda Haraldsdottir Skjoldal og Frode Larsen framfor brannruinane av det som var huset deira i Kyrkjegata i Lærdal. Reporter Kjellrun Lavik - foto: Ole Andre Rekkedal - redigering:

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle oppleve dette ein gong til, seier han.

Dei siste tala viser at 40 bygg er totalt øydelagde i storbrannen i Lærdal. Av desse var 17 bustadhus. Eit av dei tilhøyrde Frode Larsen og Linda Haraldsdotter Skjoldal.

– Førre gong hadde eg overteke eit gamalt hus. Så byrja det å brenne og huset blei totalskadd. Eg bygde det opp att, så det er tragisk å miste alt ein gong til, seier han.

Fekk ikkje med seg noko

I dag står sambuarparet framfor det som fram til natt til søndag var eit raudt og koseleg hus. No er det berre ruinar igjen på branntomta. På det som var kjøkkenet, er det berre ein smelta klump igjen etter kjøleskapet.

– Alt er vekke, det er merkeleg. Det går ikkje an å forklare kva ein tenkjer når ein ser dette, seier han.

Då dei to såg at det brann nokre hundre meter lenger vekke, flytta dei bilane for at ikkje dei skulle eksplodere i varmen. Då dei kom tilbake til huset, blei dei stoppa.

– Evakueringa hadde starta og vi fekk ikkje komme inn i huset vårt. Vi fekk ikkje med oss nokon ting, seier Linda Haraldsdottir Skjoldal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Branntomt i Lærdal

BERRE RUINANE ATT: No er det berre ruinar igjen på branntomta.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Spesielt å sjå huset i brann på TV

Paret hadde ikkje trudd brannen skulle spreie seg så langt som den gjorde. Dei hadde ikkje trudd at deira hus skulle bli overtent.

– Tanken om at huset vårt skulle bli råka, sveiv meg ikkje, seier Linda.

Dei siste dagane har paret vore i Bergen hos foreldra hennar. Det har vore spesielt å sjå på bilete på TV som viser at huset deira brenn.

– Då oversiktsbileta i dagslys blei vist, fekk vi stadfesta kor gale det hadde gått, seier ho.

Vil framleis bu i Lærdal

No ventar mykje arbeid framover, for huset skal byggjast opp att. Dei vil framleis bu i Lærdal og skal ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å skaffe seg mellombels bustad.

– No skal vi snakke med kommunen, for dei har nokre bustadar til disposisjon. Snart veit vi kva adressa vår det neste året blir, seier ho.

Ruinane etter huset til Frode Larsen

TRIST SYN: No ventar mykje arbeid, for Frode Larsen og Linda Haraldsdottir Skjoldal vil byggje opp att huset sitt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK