Hopp til innhold

Dette skal kongeparet gjere i Lærdal i dag

Kongeparet er på plass i Lærdal for å sjå på øydelegginga etter storbrannen natt til søndag.

DIREKTE: Lærdal

DIREKTE: NRK overfører kongeparet sitt besøk i Lærdal direkte.

Besøket til Lærdal blir innleia på Villakssenteret, der kongeparet får ei orientering om storbrannen som råka Lærdalsøyri. Her møter kong Harald og dronninga Sonja også representantar for redningsmannskap og sivile som deltok under innsatsen mot brannen.

Seinare på dagen skal kongeparet møte elevar ved Lærdalsøyri skule og få ei omvising og orientering på brannområdet. Dei får helse på ein familie som mista huset, men også besøkje eit hus som slapp unna flammane.

Kongeparets besøk blir avslutta på Lærdal sjukehus, der det også er lagt opp til pressemøte.

Slik er programmet for kongebesøket:

  • 11:35 – Kongen og dronninga kjem til Lærdalsøyri med to helikopter og blir mottekne av fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar Jan Geir Solheim og
    politimeister Ronny Iden
  • 11:40 – På villakssenteret – der skal dei helse på fylkesordførar Åshild Kjelsnes, rådmann Alf OIsen jr, lensmann Magne Knudsen, brannsjef Gaute Johnsgaard, Røde Kors v/ Trygve Skjerdal, Sivilforsvaret v/ Ketil Horvei og Ragnar Tokvam – bonden som køyrde gyllevogn
  • 11:45 – Kongeparet får orientering gom brannen og krisehendinga frå dei involverte
  • 12:25 – Møte med elevar på Lærdalsøyri skule – kongeparet skal til ein klasse og ha samtale med elevar og lærarar
  • 12:55 – Omivsning i brannområdet – skal snakke med ein familie som mista huset i brannen
  • 13:15 – Besøk i hus som står igjen
  • 13:40 – Besøk og orientering på Lærdal sjukehus
  • 14:20 – Pressemøte ved sjukehuset
  • 14:35 – Avreise frå Lærdal

NRK.no er på plass i Lærdal for å møte kong Harald og dronning Sonja. Vi kjem med fyldig dekning av besøket i tekst, bilete og video.

Branntomt i Lærdal

BRANNRUINAR: Kongeparet skal bli vist rundt i området som blei herja av storbrannen natt til søndag.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK