– Det gjer eit stort inntrykk, det er ein katastrofe. Veldig mange hus er øydelagde, mange familiar har mist heimen sin. Det er ganske fælt, seier Ibenholt når han ser på eit av dei verneverdige husa som gjekk tapt.
Storbrannen natt til søndag øydela til saman 40 bygningar, av dei 17 bustader. Tre av bygga som vart slukt av flammane var rekna som verneverdige hus, både Sønneva Eris hus, det såkalla Losjehuset og eit uthus brann ned til grunnen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
FØR OG ETTER: Sønneva Eris hus, frå 1840-åra, vart slukt av flammane. Nedst i denne saka kan du sjå fleire før- og etterbilete frå brannen. (Obs: dette biletet er ikkje interaktivt).
Foto: Jan Egil Fimrete/Sogn Avis og Marius Arnesen/NRKKulturhistoriske skattar borte
Dei veldige flammane som herja på Lærdalsøyri forsynte seg altså grovt av kulturhistoriske skattar. Då Ibenholt fekk sjå eit av dei verneverdige husa som brann ned gjorde det inntrykk.
– Det er veldig, veldig trist. Eg har stor medkjensle for eigaren og familien. Fleire generasjonar har budd innanfor dei fire veggane i dette huset, seier Ibenholt. seier han.
– Det er eit sterkt inntrykk, legg fylkeskonservator Eva Moberg til.
(Artikkelen held fram under biletet)
NEDTRYKTE: Harald Ibenholt og Eva Moberg, representantane som jobbar med å ta vare på kulturhistoria, tykte det var trist å sjå skadane.
Foto: Silje Guddal / NRK– Det kunne gått mykje verre
Riksantikvaren var allereie dagen etter brannen ute og kalla det ein tragedie for den norske kulturarven. Under dagens synfaring vart dette på nytt slått fast.
– Dette området er ein skatt, både for Lærdal og Noreg, seier Ibenholt.
Det er 170 bygningar innanfor verneområdet, men brannen nådde til alt hell ikkje den aller eldste delen av den verneverdige trehusbusetnaden. Brannmannskapa får dei beste attestar.
– Dei har gjort ein formidabel innsats i redningsarbeidet. Store delar av det verneverdige området er bevart, Lærdal si sjel er intakt. Vi bøyer oss i støvet for innsatsen, seier Ibenholt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Før- og etter-bilder fra brannen i Lærdal» i nytt vindu