– Det er sårt tiltrengte ressursar. Dei store skadane på alt frå vatn og kloakk til vegar og gatelys må reparerast. Det vil leggje ein stor byrde på teknisk etat hos oss, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal.
– Vil betale for hjelpa vi får
Kommunen jobbar no med å kartleggje kor store skader storbrannen gjorde natt til søndag. Nabokommunane har tilbode seg å bidra med det dei kan og staten vil ta deler av rekninga.
– Eg har nettopp snakka med kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Han sa at Kommunaldepartementet vil betale for bistanden vi må kjøpe av nabokommunane. Det treng vi verkeleg, for ressursane våre er allereie strekt til brestepunktet, seier Solheim til NTB.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange hus i buffersona
Departementet stadfestar at kommunen kan få skjønsmidlar knytt til ekstraordinære hendingar.
– Her følgjer vi i utgangspunktet dei gjeldande retningslinjene med maksimal kommunal eigendel på 250 kroner per innbyggar. Ut over dette dekkjer staten alle dokumenterte kostnader, seier kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo i Kommunaldepartementet til NTB.
Det vil ta tid å behandle dei mange byggesakene som no vil komme i Lærdal. Onsdag blei talet på bygningar som gjekk tapt i brannen, oppjustert til 40. 17 av dei er bustadhus.
– Mange av husa som brann, ligg i buffersona til det verna området. Det betyr at det er mange som skal ha eit ord med i laget om det skal byggast der. Vi håper at vi kan få vernesakene til å gå raskast mogleg, seier ordføraren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: