Hopp til innhold

Nye forhandlingar i mobbesaka

Representantskapet i Fellesforbundet avdeling 19 tilrår å styret å trekkje anken i den mykje omtala Kirketeig-saka.

Magne Ulvatn

LEIA MØTE: Valde leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn (t.h.), leia representantskapsmøtet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er klart etter dagens møte på Sunnfjord hotell. Alle av dei 19 frammøtte med røysterett gjekk inn for tilrådinga.

Styret Fellesforbundet avdeling 19 anka domen frå Fjordane tingrett i der tidlegare organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig fekk fullt ut medhald om at han var utsett for mobbing og vart usakleg oppsagd .

– No er eg veldig letta. Eg ser sjansane som store for å få slutt på saka, seier Jarle Kirketeig til NRK.no.

Løysing alle er tent med

Etter eit kring tre timar langt representantskapsmøte i Førde, bad representantskapet om at anken blir trekt, med sikte på å få ei varig løysing i konflikten. Med andre ord skal partane forhandle seg fram til ei løysing.

Møtet vart lukka for media og vart leia av Fellesforbundet avdeling 19 sin valde leiar, Magne Ulvatn. Han skildrar det som eit ryddig og godt møte der medlemene var opptekne av å få konstruktive løysingar for framtida.

– Vi vil med bakgrunn i det framlegget som er stilt, ta kontakt med forbundets leiing og setje i gang den prosessen som framlegget inneber. Det er med tanke på å få ei løysing for medlemene i Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane – som avdelinga, medlemene og dei involverte partar kan vere nøgde med, seier Ulvatn.

Ulvatn: – Eit godt framlegg

– Kva tenkjer du sjølv om tilrådinga som representantskapet gjekk inn for?

– Eg tykkjer at det framlegget som representantskapet har kome fram til er eit godt framlegg. Sjølv om resultatet skulle bli at anken blir trekt.

Det har siste tida storma i avdelinga, og då spesielt kring leiar Ulvatn. Saka dei tapte fullstendig i tingretten har kosta dei 1,4 millionar kroner . Fleire klubbar har bede forbundet trekkje anken.

– Eit godt grunnlag

I forkant av møtet laurdag, sendte også klubben ved Helle knivfabrikk inn skriftleg framlegg om at anken blir trekt. Etter vedtaket på Sunnfjord hotell blir det duka for forhandlingar mellom partane.

Anders Skattkjær (i midten)

LØYSING: Anders Skattkjær (i midten), nestleiar i Fellesforbndet lovar at dei vil prøve å få til ei løysing.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også den mektige forbundsleiaren, Arve Bakke, har gjeve klart råd om at domen ikkje blir anka . Frå forbundet sentralt deltok nestleiar Anders Skattkjær på møtet.

– Det som ligg føre no gir godt grunnlag til ærleg forsøk på at Kirketeig og avdelinga blir samde om ei løysing. Så skal vi prøve å gi vårt bidrag, og då er saka løyst og anken blir trekt, seier han.

Har frist på seg

Jarle Kirketeig

NØGD: Jarle Kirketeig (bakerst) hadde ingen forventingar til dagens møte, men frykta at det vart avslutta utan noko løysing. Etter møtet var han letta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skattkjær seier at forbundsstyret på desembermøte var veldig urolege for situasjonen som over eit tid har vore i avdeling 19. Partane har sett ein frist til slutten av februar med å kome til semje om ei løysing, for å hindre ei ny runde i rettssystemet.

Sjølv om styret tidlegare har gått inn for å anke saka, røysta dei frammøtte styremedlemene for framlegget som kan resultere i at anken blir trekt.

– Det er bra at dei gjorde det. Det var eit godt framlegg, seier Kirketeig. Som sjølv følgde berre første halvdel av møtet.

Ynskjer løysing

Kirketeig er letta over at forbundet sentral blir meir delaktige i konflikten, den tid dei blir med i forhandlingane.

– Forbundet sentralt har gjort ein god jobb, og eg er letta over at dei kjem meir aktivt inn for å få ei løysing. Dei ser ting frå begge sider, og kan kome med gode framlegg, seier han

– Eg berre håpar vi kjem til ei løysing, så det blir slutt på saka. Det er til det beste for alle partar. Fagrørsla betyr veldig mykje for meg, og eg håpar at avdelinga her skal byrje å fungere att som den bør for medlemene, legg Kirketeig til.

– Vi må ha løysing

Skattkjær kan ikkje love ei løysing, men håpar at forhandlingane mellom partane kan setje eit punktum for saka utan ein ny runde i retten.

Saka har vore belastande for alle dei involverte.

– Det er personar som er involvert, og dei må ha avklaring. Dei må ha ei løysing som begge kan leve godt med, og at foreininga kan fokusere på sitt arbeid med å organisere og drive fagleg arbeid overfor sine medlemer og klubbar. Saka gjer at ein brukar mykje tid og krefter på sjølve konflikten og det som skjer rundt omkring, seier han.