Hopp til innhold

– Dom skadar heile Fellesforbundet

Nestleiar Anders Skattkjær meiner domfellinga av Fellesforbundet avdeling 19 er skadeleg for heile organisasjonen.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

RETTEN: Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten i oktober.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Tysdag kom den knusande domen mot fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fekk full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.

Fjordane tingrett kjende oppseiinga ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.

LES OGSÅ: – Konflikten dyssa ned i fem år

– Det er ei belastande sak for dei involverte partane, og for forbundets omdøme, vedgår nestleiar Anders Skattkjær.

– Ikkje hyggjeleg

Domen slår fast at Kirketeig vart trakassert av leiaren sin før han mista jobben. Retten la også vekt på at andre opplevde det som vanskeleg å arbeide under den valde leiaren, Magne Ulvatn, i avdelinga.

Retten såg heller ingen grunn til å kritisere Kirketeig for å ha gått til media med saka.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Dommen i arbeidsrettssaka fastslår at oppseiinga av Jarle Kirketeig var ugyldig. Han er svært letta at det heile er over.

SJÅ TV-SAK: Jarle Kirketeig vann fram mot Fellesforbundet si avdeling 19.

– Vi har som føremål å ta vare på arbeidstakarane sine interesse, og domen er ikkje noko hyggjeleg lesnad med tanke på det, vedgår Skattkjær.

Viktig å få avklara

Anders Skattkjær

SKADELEG: Anders Skattkjær er nestleiar i Fellesforbundet sentralt.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Fellesforbundet skal jo ta vare på arbeidstakarar, kva tenkjer du om at de er dømde for trakassering i eige forbund?

– Det er jo sterkt beklageleg at ein kjem i ein slik situasjon. Det er heldigvis enkeltståande tilfelle, men det er eitt tilfelle for mykje, held nestleiaren fram og meiner det var viktig å få avklara situasjonen gjennom domen.

Vil ikkje spekulere

Skattkjær vil ikkje spekulere i om Ulvatn bør få bli sitjande som leiar. Han meiner det er foreiningsstyret i avdeling 19 Sogn og Fjordane som bør ta stilling til det.

Forsvarar til Magne Ulvatn, Kari Bergeius Andersen sa tysdag til NRK at dei vil vurdere korleis domen blir handtert.

– Alle som ser denne domen bør tenkje seg nøye om, med tanke på korleis tilrettelegga for gode samarbeidsrelasjonar, seier Skattkjær.

Video Forbundsstyret inn i mobbesak

SJÅ TV-SAK: Forbundsstyret inn i betent mobbesak.