Hopp til innhold

Mobbesaka har kosta 1,4 millionar

Mobbesaka i Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane har så langt kosta 1,4 millionar kroner. – Uakseptabel bruk av medlemmene sine pengar, meiner fleire.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

KOSTBAR FOR AVDELINGA: Jarle Kirketeig gjekk til rettssak mot Fellesforbundet etter at han meinte seg mobba av den valde leiaren, Magne Ulvatn (i bakgrunnen). Fleire meiner det er uakseptabelt at medlemspengane blir brukt til å dekke kostnadane Fellesforbundet har med saka.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Tysdag kom den knusande domen mot fellesforbundet si avdeling 19 i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fekk full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd .

Så langt har rettssaka kosta 1, 4 millionar kroner. Skulle det ende opp med ei tapt ankesak, vil dei samla utgiftene kome opp i godt over to millionar. Då vil heile eigenkapitalen til avdelinga vere tapt.

Ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad, som tidlegare har jobba som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet si avdeling 19, meiner dette vil vere totalt uakseptabelt.

– Her opererer ein med medlemspengar, altså pengar som medlemane har betalt inn. Det er omtrent som i kommunane, det skal ein gjere med varsemd, seier Gjerde til NRK.no.

Miste jobben etter kritikk

I slutten av august i fjor stod Jarle Kirketeig fram i NRK og fortalde om det han hevda var år med mobbing i jobben. Kirketeig var tilsett ved Fellesforbundet avdeling 19 sitt fylkeskontor i Førde og sa han kjente seg trakassert av den valde fylkesleiaren, Magne Ulvatn. Ei tid etter dette vart han oppsagt frå stillinga si.

Kirketeig gjekk til sak mot Fellesforbundet og denne veka kom domen. Fjordane tingrett kjende oppseiinga ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning. Domen slår fast at Kirketeig vart trakassert av leiaren sin før han miste jobben.

(Artikkelen held fram under)

Dommen i arbeidsrettssaka fastslår at oppseiinga av Jarle Kirketeig var ugyldig. Han er svært letta at det heile er over.

VANN FRAM: Jarle Kirketeig vann fram i rettssaka mot arbeidsgjevaren, Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane.

Ber klubbane gripe inn

Gjerde er blant fleire som meiner dommen mot Fellesforbundet avdeling 19 er tøff å svelgje. Ikkje berre fordi det blir slått fast at den valde leiaren skal ha stått bak omfattande trakassering.

Også dei økonomiske konsekvensane vil bli tøffe. Rettssaka har allereie ete opp ein stor del av eigenkapitalen. Dette er pengar som skulle gått til skulering og hjelp til enkeltmedlemmer.

Tidlegare leiar i avdeling 19, Atle Reidar Sandnes, meiner det heile er svært alvorleg.

– Eg synest det er veldig alvorleg at det er medlemspengar som blir brukt til å finansiere det eg meiner er galskap.

– No må klubbane i avdeling 19 sjå kva som er i ferd med å skje, dei må gripe inn og kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte.

Sandnes sa til NRK i går at det må vere opp til eit ekstraordinært årsmøte å avgjere om dommen skal ankast. Den tidlegare leiaren meiner styret åleine ikkje kan avgjere saka.

Vil ta stilling til anke så snart som mogleg

NRK var i går i kontakt både med leiar Magne Ulvatn og nestleiar Bjørn Kormeseth og spurde om det er rett å bruke opp heile eigenkapitalen i avdelinga på rettssaker for å prøve å reinvaske Ulvatn for trakassering.

Ingen av dei ville kommentere saka.

Advokaten til avdeling 19, Kari Bergeius Andersen, har følgjande kommentar.

– Vi har dette, og då meiner eg arbeidsgjevar Fellesforbundet 19, til vurdering enno. Vi vil ta ei avgjerd så snart som mogleg, basert på ei juridisk vurdering frå meg, seier Bergeius Andersen.

Video Forbundsstyret inn i mobbesak