Hopp til innhold

Fellesforbundet ankar domen

Fellesforbundet avdeling 19 ankar domen der dei vart dømde for usakleg oppseiing av Jarle Kirketeig.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

KONFLIKT: Fellesforbundet ankar domen etter at Jarle Kirketeig vann fram med rettssaka.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

For ei veke sidan kom domen mot Fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fell full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.

Av domen går det fram at den valde leiaren, Magne Ulvatn, har stått bak langvarig trakassering av Kirketeig.

– Er heilt ufatteleg

Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.

Fellesforbundet sin advokat, Kari Bergeius Andersen, opplyser onsdag til NRK at saka blir anka.

– Det er heilt ufatteleg. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie, seier Jarke Kirketeig til NRK.no.

– Ferien er øydelagt

Då NRK får tak i Kirketeig, er han i Italia og pustar ut etter lengre tids belastning i samband med rettssaka mot Fellesforbundet avd. 19.

– No gjekk avslappinga fort over. Eg er ufatteleg skuffa. Det finst ikkje ord for dette, seier han.

– Fryktar du ein dom i lagmannsretten?

– Nei. Dei samme bevisa kjem opp att igjen no. Og no har eg fleire bevis, utan at eg vil komme inn på det no. Eg meiner dette ikkje er verdig for fagrørsla, seier Kirketeig.

– No blir ikkje ferien slik eg hadde tenkt meg, sukkar han.

Ti mot ein i styreavgjerd

Advokat Kari Bergeius Andersen viser til at avgjerda om å anke saka baserer seg på ei juridisk vurdering av dommen.

– Mi vurdering var at det var eit klart grunnlag for å anke denne dommen, seier ho til NRK.no.

– Sjølv om dommen i tingretten var eintydig og klar?

– Det stemmer.

Ifølgje advokaten var det styret i Fellesforbundet avdeling 19 som har bestemt at dommen skulle ankast. Her vart det ti stemmer for anke - og éi stemme imot.