Hopp til innhold

Slaktar forbundet si handtering av mobbesak - krev at anken blir trekt

Ei rekkje medlemmer slaktar Fellesforbundet avdeling 19 si handtering av den såkalla mobbesaka. Ottar Hope i klubbstyret ved Brødrene Aa i Hyen er rasande og krev eit ekstraordinært årsmøte.

Jarle Kirketeig i tingretten med advokat Thomas Jarning

VIL IKKJE HA NY RUNDE: Jarle Kirketeig vann fram med arbeidsrettssaka, men Fellesforbundet avdeling 19 ankar domen. Det har fått fleire tillitsvalde til å reagere.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hope som er mangeårig medlem i Fellesforbundet seier den opprivande rettssaka forbundet har gått gjennom er den verste saka han har vore borti.

– Den er øydeleggjande for heile organisasjonen.

Klubbane ved både Brødrene Aa i Hyen og Helle Fabrikker i Holmedal har no sendt brev til avdeling 19. Dei krev eit ekstraordinært årsmøte for å diskutere saka – og at anken blir trekt.

– Vi er misnøgde med at dei har anka saka. Vi meiner det vil vere skadeleg for Fellesforbundet å halde fram denne saka, også på landsbasis, seier Hope til NRK.no.

Tapte arbeidsrettssak – ankar saka

Fellesforbundet avdeling 19 sa i fjor opp Jarle Kirketeig som organisasjonsarbeidar. Nyleg fall det dom i arbeidsrettssaka mellom Kirketeig og forbundet. Der fekk Kirketeig jobben attende og ei oppreisning på 175.000 kroner. Kirketeig fekk medhald i at han over lang tid har blitt trakkasert av leiar Magne Ulvatn.

Styret i Fellesforbundet avdeling 19 har bestemt seg for å anke tingretten si avgjerd, trass at dei blei åtvara mot dette frå forbundsleiar Arve Bakke.

Nyleg sendte styret i avdeling 19 ut eit brev til dei kring 2000 medlemmene i fylket. Der oppmodar styret medlemmene om å tenkje seg om før dei ytrar seg i saka.

– Vi ser at det kjem meiningsytringar som ein kanskje vil angre på i ettertid. Vi vil difor minne dykk alle om at det er menneske som er involvert i denne konflikten, og oppmodar difor om å argumentere sakleg, skreiv nestleiar Bjørn Kormeseth i brevet.

– Vil redde stumpane

Ottar Hope som er sekretær i klubben ved Brødrene Aa i Hyen er svært kritisk til styret si handtering av saka.

– Eg trur styret no satsar på å redde stumpane til dei som sit på kontoret i Førde. Dei bryr seg vel ikkje så mykje om medlemmene lenger, men vil redde seg sin situasjon, seier Hope til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brødrene Aa i Hyen

KREV MØTE: Ottar Hope som er sekretær ved klubben på Brødrene Aa seier medlemmene må få seie sitt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil ikkje la seg kneble

Han meiner brevet styret har sendt ut er upassande.

– Viss vi les litt mellom linjene så er vi jo underlagt teieplikt. Vi har fått grei beskjed om å passe oss og ikkje komme med upassande uttaler, men det er pressefridom i Norge, seier han.

– Men avdeling 19 må vel ha rett til å skrive eit brev der dei skriv kva dei meiner?

– Sjølvsagt. Men då må vi ha lov til å uttale oss i andre enden, seier Hope.

Svekka tillit

Kravet til styret frå klubbane ved Brødrene Aa og Helle Fabrikker er eit ekstraordinært årsmøte.

– Vi håpar ankesaka blir sett på dagsorden og at anken blir trekt, seier Hope.

– Har du tillit til styret?

– Den er begynt å sprekke opp, vedgår han.

Bjørn Kormeseth, som handterer saka for styret i avdeling 19, ønskjer ikkje å kommentere saka. Han viste i går kveld vidare til avdeling 19 sin advokat, som førebels ikkje har vore tilgjengeleg for kommentar.