For ei veke sidan kom domen mot Fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane, der organisasjonstilsette Jarle Kirketeig fell full støtte på alle punkt i søksmålet etter at han hevda seg mobba og usakleg oppsagd.
Tonning som i fleire år var leiar i LO Førde og Omland meiner LO har svikta i denne saka.
– No vil eg ha fokus på LO-distriktssekretæren som har oppført seg kritikkverdig i denne saka.
– Han bør vurdere si stilling.
Vann fram med rettssak
Domen i tingretten mot Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane er knusande. Det går fram at Magne Ulvatn, den valde leiaren i avdeling 19, har stått bak langvarig trakassering av organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.
Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under TV-saka)
– Eit uverdig spel
Den øvste LO-representanten i fylket, LO-sekretær Arvid Langeland, har på si side fleire gonger fokusert på å vere kritisk mot dei som har kritisert Ulvatn.
– Eg meiner dette er eit uverdig spel. Det er uverdig i forhold til fagrørsla. Dei kan varsle internt.
Dette sa Arvid Langeland i september i fjor. Han avviste at han hadde teke stilling i sjølve trakasseringssaka.
Samtidig var han svært kritisk til at fleire tidlegare og dåverande tilsette i Fellesforbundet avdeling 19 hadde gått ut i media og fortald om at dei hadde vorte trakasserte.
Uaktuelt å trekkje seg
Langeland ønskjer denne gongen ikkje å kommentere saka, men seier han har godt samvit for det han har gjort.
Han fortel at han har gjeve Ulvatn eit råd om kort vidt domen bør ankast eller ikkje, men at han ikkje vil ut med kva råd han har gitt.
Langeland fortel vidare at det er uaktuelt å trekkje seg frå stillinga som LO-sekretær.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kritikkverdig
Tonning meiner Langeland heile tida har prøvd å dysse ned den alvorlege saka.
– Han kritiserer oss og tar parti med Magne Ulvatn. Det er kritikkverdig.
– Når vi ser domen i saka no, så blir det endå tydelegare at det distriktssekretæren har gjort er kritikkverdig, seier Tonning.
Magne Ulvatn har heilt sidan dommen vart kjend, vore klar på at han ikkje vil kommentere noko som helst i denne saka.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: