Hopp til innhold

I dag møtte Kirketeig toppleiinga i Fellesforbundet

I over to timar sat Jarle Kirketeig i møte med toppleiinga i Fellesforbundet, med Arve Bakke i spissen.

Arve Bakke og Jarle Kirketeig

GLAD: Jarle Kirketeig (t.h.) er glad for å ha fått snakke skikkeleg med Arve Bakke (t.v)toppleiinga i Fellesforbundet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix/NRK

– Det var forferdeleg viktig for meg å få ei stadfesting på at det er forståing for at noko slikt kunne skje, og at eg ikkje vert fordømt fordi eg varsla. Det var veldig viktig for meg, seier Kirketeig.

Møtet vart halde i Oslo, og Kirketeig følte han fekk støtte i saka der Kirketeig gjekk til arbeidsrettssak for å få jobben sin som organisasjonsmedarbeider tilbake etter at han vart oppsagd.

Han kravde også 300.000 kroner i oppreising for det han meiner var mobbing og usakleg oppseiing.

Retten slo mellom anna fast at den valde leiaren i Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn, jamleg og over lang tid har oppført seg på ein klandreverdig måte mot Kirketeig.

Førre møte vart avlyst

Det var tidlegare bestemt at forbundsleiar Arve Bakke skulle kome til Førde og mekle i striden mellom Jarle Kirketeig og avdeling 19, men det møtet vart aldri noko av.

Saka hamna i staden i retten, der Kirketeig vann ein knusande siger.

Det vart i retten slege fast at Kirketeig vart ulovleg oppsagd frå stillinga som organisasjonsarbeidar i avdelinga. Retten meinte også at Kirketeig ikkje kunne kritiserast for manglande samarbeidsvilje, men at samarbeidsproblema skuldast utilbørleg opptreden frå arbeidsgjevaren.

– Vi fekk ein veldig fin samtale. Eg vart motteken som eit medlem, vi prata både formelt og uformelt, seier Kirketeig.

Fekk fortalt kva som var vanskeleg

Å få møte Bakke og toppleiinga i forbundet i dag, betydde mykje for Kirketeig, som ikkje legg skjul på at det har vore tøffe tider.

– Det var veldig fint å snakke med Bakke. Eg fekk fortalt han ein del om korleis det har vore for meg og kva eg føler har vore vanskeleg i prosessen. Dei har forklart si rolle på ein veldig god måte, seier Kirketeig.

Han legg til at det vert endå viktigare for han å få fram skilnaden mellom Fellesforbundet og Fellesforbundet 19.

– Eg opplever at forbundet sentralt opptrer veldig ryddig og korrekt, seier Kirketeig.

Kallar møtet konstruktivt

Nestleiar i Fellesforbundet sentralt, Anders Skattkjær, fortel at dagens møte med Kirketeig var konstruktivt og godt, og at dei gir Kirketeig full støtte.

Anders Skattkjær

KONSTRUKTIVT: Nestleiar i Fellesforbundet sentralt, Anders Skattkjær, tykte møtet var konstruktivt.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Vi er ei fagforeining for arbeidstakarar. Då går vi i slike saker inn med støtte til arbeidstakar, seier Skattkjær.

– Så de gir full støtte til Kirketeig i denne konflikten?

– Ja, vi har gitt full støtte til Kirketeig som alle andre oppsagde medlemmer. Vår bistand har først og fremst vore gjennom advokatbistand, seier Skattkjær.

– Det var eit godt møte, og det var viktig for Kirketeig å få leggje fram sine synspunkt og sine erfaringar. Det er ei belastande og vanskeleg sak, seier Skattkjær.

Får dekt utgiftene

Kirketeig er svært glad for bistanden frå sitt eige forbund.

– Dei dekkjer alt for meg, så det er ein ting eg ikkje treng å uroe meg for, seier Kirketeig.

Domen er no anka.