Hopp til innhold

Vil diskutere anke med medlemmer

Fellesforbundet sin klubbleiar ved Havyard Leirvik meiner anken i den såkalla mobbesaka må trekkjast. Han vil ta med seg medlemmene sine meiningar til det ekstraordinære representantskapsmøtet denne veka.

Jarle Kirketeig (framme) og Magne Ulvatn møttest i retten

MEINER ANKEN MÅ TREKKJAST: Tingretten meiner oppseiinga av Jarle Kirketeig (framme) var ugyldig. Saka er no anka, noko fleire av medlemmene reagerer på.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Den 5. januar går eit ekstraordinært representantskapsmøte i Fellesforbundet si avdeling 19 av stabelen. På møtet skal avdelinga diskutere kva dei skal gjere vidare med den knusande dommen i den såkalla mobbesaka.

Morten Langeland som er klubbleiar ved Havyard Leirvik håpar fleirtalet her vil gå inn for å trekkje anken.

Han meiner saka er alvorleg for forbundet og vil ikkje at saka skal gå ei ny runde i rettssystemet.

– Dette er ei alvorleg sak som vil svekke heile forbundet, seier Langeland til NRK.no.

Trassa råda – anka domen

Dommen mot Fellesforbundet og den valde leiaren Magne Ulvatn var hard. Av tingretten sin dom går det mellom anna fram at Ulvatn skal ha stått bak langvarig trakassering av organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.

Fjordane tingrett kjende oppseiinga av Kirketeig ugyldig og tilkjende han 175.000 kroner i erstatning.

Trass i klare råd frå ulike hald om å ikkje anke den klare dommen, valde styret i avdeling 19 likevel å anke.

Vil vite kva medlemmene meiner om saka

Dette likar Langeland dårleg. Han er klubbleiar for ein av dei største klubbane i fylket og meiner ei ny runde i retten er heilt feil.

– Det er synd at dei skal bruke endå meir av våre medlemspengar etter ein dom som tilsynelatande er så knusande, seier Langeland til NRK.no.

Han vil kalle inn dei rundt 50 medlemmene ved Havyard Leirvik til klubbmøte like på nyåret, og håper og trur han har medlemsmassen i ryggen.

– Vi må ha eit møte før vi reiser på representantskapsmøte, slik at vi veit kva medlemmene synest og slik at vi kan ta med oss det synspunktet, seier Langeland.

Også klubbane ved Brødrene Aa og Helle Fabrikker har fremja krav om at anken må trekkjast.

Ifølgje Frifagbevegelse.no møter leiinga i Fellesforbundet mannsterke opp under møtet. Både forbundet sin nestleiar Anders Skattkjær, leiar ved ADK Vest Geir Olsen, distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Sogn og Fjordane og informasjonssjef Vidar Grønli skal ifølgje nettstaden delta.

Vil ikkje kommentere

Til no har avdeling 19 hatt utgifter på vel 1,4 millionar kroner i samband med rettssaka. Ei ankesak i lagmannsretten kan føre til at heile eigenkapitalen går tapt.

Nestleiar i avdeling 19, Bjørn Kormeseth, som handterer saka på vegner av avdelinga, ønskjer ikkje å gje noko kommentar.

Advokaten til Fellesforbundet avdeling 19 seier til NRK.no at avgjerda om å anke saka er teken av det organet som har arbeidsgjevaransvaret for Kirketeig.