Ti personar til sjukehus med augeskadar etter nyttårsfeiringa

HAUKELAND (NRK): Tre personar vart alvorleg skadd av fyrverkeri i natt. Overlege seier bruk av vernebriller har redda fleire frå meir alvorlege augeskadar.

Nyttårsfeiring i Bergen

FEIRING: Mange ville feire at eit tungt 2020 var over i går. Fleire stader i landet er det meldt om travle nattevakter for politi og brannvesen. Her frå feiringa i Bergen i natt.

Foto: Therese Pisani / NRK

Før nyttårsfeiringa var spenninga knytt til om folk ville velje ei meir dempa markering enn elles på grunn av koronapandemien.

Men det vart tidleg klart at folk gjekk mann av huse for å sikre seg fyrverkeri til å seie farvel til 2020 med eit smell.

Nyttårsfeiringa førte til svært mange utrykkingar for naudetatane, fleire bustadbrannar, fyrverkeriskyting og festar med opp mot 40 deltakarar.

Ti personar til sjukehus

Dagen etter er det klart at ti personar landet over fekk augeskadar etter fyrverkerioppskyting nyttårsaftan.

Av dei ti, er det tre personar som har fått svært alvorlege skader, seier seksjonsoverlege Nils Bull ved augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus til NRK.

Det betyr at dei kan forventa betydeleg reduksjon av synet. Dei sju andre har augeskadar som er moderat alvorlege.

Øyelege Nils Bull

OVERLEGE: Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus samlar kvart år inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa i heile landet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Seks menn og to kvinner

Bull samlar kvart år inn dei nasjonale skadetala etter nyttårsfeiringa. Han seier til NRK at bruk av vernebriller har redda fleire i år.

– Ein mann opplevde at effektbatteriet eksploderte i det han tende på, men sidan han hadde vernebriller fekk han moderat alvorleg augeskade, og brannskadar i ansiktet, fortel Bull.

– Utan vernebriller hadde det gått svært dårleg med auga hans. Ein annan mann og ei kvinne som brukte vernebriller, slapp også unna med moderat alvorlege skader, legg han til.

Lente seg over batteri

Dei ti skadde personane er seks menn, to ungdommar og to kvinner:

  • I to av skadetilfella har fyrverkeribatteria velta over. Det eine då det vart flytta på etter påtenning.
  • I eitt tilfelle har batteriet eksplodert i det lunta vart tent.
  • Ein person lente seg over batteriet under påtenning, då det ikkje tok fyr på første forsøk.

– Tre av dei skadde var tilskodarar, blant dei ei kvinne. Dei to unge gutane manipulerte eit effektbatteri og fekk òg skadar elles på kroppen, fortel Bull.

Øyeskader på nyttårsaften (landsbasis)

År

Antall

Alvorlige

Moderat alvorlige

2020/2021

10

3

7

2019/2020

15

4

11

2018/2019

16

5

11

2017/2018

9

3

6

2016/2017

12

4

8

2015/2016

18

6

12

2014/2015

16

4

12

2013/2014

15

7

8

2012/2013

17

5

12

2011/2012

16

4

12

2010/2011

17

6

11

2009/2010

10

3

7

2008/2009

10

5

5

2007/2008

21

6

15

2006/2007

20

3

17

2005/2006

28

6

22

Vil ha forbod mot privat fyrverkeri

Talet på skadar gjekk merkbart ned dei to første åra etter at det før nyttårsaftan 2008/2009 vart forboden å sende opp rakettar med styrepinne.

Men allereie 2010/2011 steig talet igjen. Sidan då har i snitt 16–17 personar fått augeskadar under feiringa.

Årets skadetal er faktisk ein liten nedgang frå i fjor, då elleve personar vart sende til sjukehus etter nyttårsfeiringa. Seinare vart fire skader ettermeld.

Overlege Bull har gong på gong åtvara mot å skyte opp fyrverkeri når ein har drukke alkohol. Han er også ein ivrig forkjempar for forbod mot privat fyrverkeri.

Han trur ikkje skadetala vil gå ned utan eit forbod. Han slår fast at det som vanleg er for mykje uvitig bruk av fyrverkeri, mellom anna med påtenning innandørs og skyting mot personar med vilje.

– Eg har lyst til å bli kvitt desse skadane heilt. Ti personar skadd under feiringa i år er ti for mange, seier Bull til NRK.

I 2018 oppmoda han menn til å overlate oppskytinga til kvinnene.