Hopp til innhold

To bustadbrannar på same tid i Bergen: Over 30 personar evakuerte

På kort tid oppstod det to bustadbrannar i Bergen. Begge stader var det opne flammar på taket og personar måtte evakuerast.

Brann i bustad ved Nattlandsfjellet i Bergen

BRANN PÅ LOFT: Totalt 17 personar er evakuerte etter brannen i ein einebustad på Nattland i Bergen.

Foto: NRK-tipser

Seint på kvelden nyttårsaftan vart det brått travelt for naudetatane i Bergen.

  • Like etter klokka 21.30 kom det melding om brann i ein einebustad i Saksarrinden i Ytrebygda.
  • Så, klokka 22.04 meldte politiet om brann i ein einebustad i Knausen ved Nattlandsveien i Bergen.

I Steinsviken var det brann i ein einebustad i rekke. 110-sentralen meldte om opne flammar på taket og stor røykutvikling.

Røykdykkarar vart sendt inn i huset for å gjere sløkkeinnsats og søke etter moglege bebuarar.

Ifølge politiet har dei fått tilbakemelding på at det ikkje skal vere folk i huset.

– Ingen er meldt sakna, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.

Slukking av brann i Bergen, Saksarringen på Sandsli

BRANN I EINEBUSTAD: Brannvesenet klarte å få kontroll på brannen i Steinsviken, før den spreidde seg til andre hus.

Foto: Therese Pisani / NRK

Naboar evakuerte frå fire hus

Det var fare for spreiing, opplyste brannvesenet.

Naboar frå fire hus i nærleiken vart difor evakuerte. To personar får tilsyn av ambulansepersonell etter å ha blitt utsette for røyk.

Klokka 22.15 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen i rekkehuset på Sandsli.

Operasjonsleiar i NRK opplyser til NRK at minst 18 personar vart evakuerte frå nabohusa i nabolaget.

Det var kraftig røykutvikling og stor sløkkeinnsats på staden, så det er usikkert når bebuarar kan flytte inn igjen i husa sine.

Klokka 23.05 var brannen meldt sløkt.

Brannmann i innsats på taket av einebustad i Saksarrinden i Bergen nyttårsaftan

INNSATS: Brannvesenet jobbar på taket av bustaden i Saksarrinden i Bergen nyttårsaftan.

Foto: Therese Pisani / NRK

17 evakuerte frå bustadbrann på Nattland

Også på Nattland på Landås vart det meldt om brann i ein bustad på nyttårsaftan.

Her vart det meldt om flammar på taket og brann på loft. Meldinga kom inn like etter klokka 22.00.

– Her skal det vera kontroll på alle bebuarane i huset. Førebels er det ikkje vurdert som fare for spreiing til andre hus her, opplyste operasjonsleiar Rebnord.

Ifølge politiet er 17 personar evakuerte frå ulike leilegheiter i huset. Ingen er meldt skadd førebels, seier politiet. Ti personar vart evakuert frå leilegheita nærast loftet, medan sju personar vart evakuerte frå leilegheita under.

22.45 melder brannvesenet at brannen i huset er sløkt.

Brann i bustad på Nattland nyttårsafta

SLØKT: Brannen i bustaden på Nattland i Bergen vart meldt sløkt 22.45.

Foto: Therese Pisani / NRK

Trur det byrja på taket

NRK har snakka med eit augevitne som kom til bustaden akkurat då brannen var i ferd med å bryta ut.

– Det lukta veldig brent i leilegheita og så såg vi utanfor at det var veldig mykje røyk. Vi mistenker at dette starta utanfor, på taket, seier han.

Han fortel at dei raskt fekk evakuert alle ut av leilegheita og at det no går bra med alle som var der.

TO BRANNAR: På kort tid oppstod det to bustadbrannar i Bergen. I begge tilfelle er det meldt om opne flammar på taket av husa.