Hopp til innhold

Fyrverkerisal til himmels: – Folk er luta lei 2020

Over heile landet og rundt om i verda blir det rapportert om at folk kjøper mykje meir fyrverkeri i år enn i fjor.

Fyrverkeriutsalg i Åsane nord i Bergen

FORNØGD: Kjetil Daae Børnes er ein av dei som har sikra seg fyrverkeri i Åsane nord i Bergen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Nokre av kundane kommenterer at dei vil markere avslutninga på eit ganske dårleg år, seier Odd Helge Flølo.

Han sel fyrverkeri på butikken Intersport i Måløy.

Dersom dei to siste salsdagane blir like gode som dei to første i romjula, anslår han at butikken vil kunne få ein salsauke på 20–25 prosent.

Den same trenden er å finne over heile landet, fortel Rikard Spets i Norsk Fyrverkeriforening, Rikard Spets.

– Folk er luta lei 2020 og ønskjer å feire inngangen til den nye året, seier han.

Skjer over heile verda

Dei vil ikkje gå inn på konkrete salstal, men importørane og forhandlarane rapporterer om ein vekst.

– Dette er nok ein del av ein internasjonal trend. I enkelte land som USA og Storbritannia blir det rapportert om ein vekst på fleire hundre prosent, seier Spets.

Enkelte stadar i USA er butikkane nær utselde, som til dømes i New Orleans.

– Vi har kundar som doblar innkjøpa sine, seier TK Williams Bercegeay til avisa The Advocate.

Marius Staulvik hos fyrverkeri-importøren Spektra trur folk ønsker å ta i litt ekstra når «eit spesielt år» er forbi.

– I tillegg må folk feire meir for seg sjølv – ikkje i store grupper – og da blir det auka sal.

Bodø fyrverkeri 1

AUKA SAL: Marius Staulvik hos fyrverkeri-importøren Spektra trur folk ønsker å ta i litt ekstra når «eit spesielt år» er forbi.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Folk unner seg litt ekstra

Dagleg leiar Tor Erik Van Der Linden i selskapet Tuwinor, som importerer fyrverkeri, fortel at innsalet til butikkane har vore 20 prosent høgare enn tidlegare.

– Salet startar i dag, og inntrykket vårt er at folk unner seg litt ekstra. Det trur eg heng saman med året vi har lagt bak oss, og det gode vêret som er varsla.

Varehussjef Rune Øksenberg ved Obs Bygg i Førde ser same tendens.

– Vi ser at kundane ønsker å feire litt ekstra i år. Og det er kanskje litt på grunn av det krevjande året vi har lagt bak oss.

I fjor brukte kundane i snitt 500–600 kroner kvar, seier han.

– I år er summen rundt 1000.

– Betring, men ikkje trygt

Men ikkje alle begeistra for det auka salet.

Hos Odd Arne Standal, avdelingssjef ved augeavdelinga på Førde sentralsjukehus, går alarmklokkene.

– Det er kvart år fleire år som mister syn på eit auge grunna rakettoppskyting, seier Standal.

– Det er ikkje lov å skyte opp rakettpiningar lenger. Det er ei betring, men det er ikkje trygt. Ein rakett som går skeivt og treff eit auge kan gjere betydeleg skade.

Til Norstat svarer 68 prosent av nordmenn at dei er «heilt eller dels samde» i at fyrverkeri på nyttårsaftan bør bli forbode.

Meir enn halvparten av desse seier årsaka er fare for brann og personskadar.

Overlege på helse førde Odd Arne Standal

DÅRLEG NYTT: Ikkje alle er begeistra for det auka salet. Odd Arne Standal, avdelingssjef ved augeavdelinga på Førde sentralsjukehus, er blant dei.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meiner dyrare er tryggare

Trenden med større og dyrare batteri er positivt for tryggleiken, seier Van Der Linden.

– Folk har meir respekt for bruken, seier han.

Ifølgje Norsk Brannvernforening er det i snitt 15 personar årleg som får augeskadar på grunn av fyrverkeri.

Ein gjengangar er at folk ikkje bruker vernebriller i samband med oppskytinga. I fjor måtte ti menn og ein gut på sjukehus med skadar etter fyrverkeri.

– Les bruksrettleiinga, hald avstand, bruk vernebriller, ver måtehalden med alkohol og respekter oppskytingstida, er oppfordringa frå Rikard Spets.