Hopp til innhold

Politiet: – Dei var veldig slitne dei som gjekk heim

Naudetatane har hatt ei travel natt i Vestland. Tre hus er ikkje eigna å bu i etter brann. I Høyanger i Sogn gjekk ein privatfest med 20–30 personar over styr.

Brann i bustad på Nattland nyttårsafta

SLØKT: Brannen i bustaden på Nattland i Bergen vart meldt sløkt 22.45.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Vi fekk uromelding om mykje folk som var samla, delar av eit kjøken som kom flygande ut eit vindauge og mogleg tillaup til slagsmål, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt om uromeldinga dei like før klokka 04 fekk frå Høyanger.

Følgjer opp

Dei fleste festdeltakarane reiste frå festen då patruljen kom fram. Nokre fyrte opp fyrverkeri då dei reiste.

Tre personar fekk pålegg for politiet. Ein mann i 20-åra blir meld for vald og for ikkje å ha etterkome pålegg frå politiet og for å ha angripe politiet.

Så mange samla på adressa er heller ikkje i tråd med smittevernreglane til regjeringa for å hindre spreiing av koronaviruset.

– Det er nok noko eg vil tru patruljen følgjer opp, men det var hektisk då politiet kom fram, seier Mjelde.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med innsatsleiar hos politiet.

Fleire brannar

Brann Fjellsdalen skule brakker

BRAKKERIGG: Like før klokka 02 i natt vart det meldt om full fyr i ei brakke ved Fjellsdalen skule. Brannen vart meldt sløkt i halv fire-tida.

Foto: Hallgrim Hals / NRK

Det har vore fleire brannar sør for Sognefjorden. Totalt vart over 40 personar evakuerte i samband med brannane, mellom anna på Nattlandsfjellet og på Sandsli.

– Frå i går kveld har vi vore på totalt seks brannar, der to var garasjar på Askøy, tre var bustader og det fjerde var klubbhuset på Bønes, seier vaktoperatør Sigurd Hadeland.

Tre hus er ikkje eigna å bu i etter brannar, opplyser vaktoperatøren.

– Ingen brann ned til grunnen, så det var godt jobba av mannskapa, seier Handeland.

I tillegg har 110-sentralen rykt ut til 11 mindre hendingar, og dessutan fire automatiske brannalarmar og fem oppdrag knytt til bistand.

– Vaktlaget var slitne

Hos politiet seier operasjonsleiaren det har vore ei hektisk natt, med eit breitt spekter av saker. I alt har Vest politidistrikt motteke kring 160 meldingar. Hovudtyngda har vore sør for Sognefjorden.

– Vaktlaget som gjekk av var veldig slitne då dei reiste heim. Dei har hatt mykje å henge fingrane i, seier Mjelde som kom på i 08-tida.

I Bergen sentrum har det vore fleire meldingar om ordensuro og meldingar om folk som ikkje har klart å halde seg til at det berre er mellom 18 og 02 på nyttårsaftan det er lovleg å skyte opp fyrverkeri.

Leiteaksjon i Nordhordland

Ein ung mann som like over midnatt vart meld sakna ved Seim i Nordhordland kom til rette like før klokka 06.

Politiet Røde Kors, Norske Redningshundar, lokalt brannvesen, redningshelikopter og andre frivillige deltok i søket.