Det erfarer førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Katharina Wolff, som har forska på turisme før og etter terrorhendingar.
– Vi har ein del forsking på terrorhendingar, og det viser seg at det er veldig kortvarige og små effektar på turistane si risikovurdering av staden, seier ho.
Fleire terroråtak
Det har vore ein dramatisk start på 2017, med ei lang rekkje terrorhandlingar verda over. Til no i 2017 har, ifølgje organisasjonen Peacetech Lab, over 2.200 personar omkome i 358 terroråtak.
Også turistmål i den vestlege verda er blitt hardt råka, med London og Stockholm som dei ferskaste eksempel. Også i Norge er trusselbiletet auka.
Laurdag vart ein 17 år gamal gut pågripen etter funn av ei sprengladning i Oslo. Måndag ringde ein mann inn bombetrussel mot Flåmsbana i Aurland. Tysdag reiste bombegruppa til Porsgrunn etter funn av ein mistenkeleg gjenstand.
Opplevd som tryggare
Wolff seier at turistar i enkelte tilfelle kan oppleve ein stad tryggare etter ei terrorhending.
– Er terroren organisert, og utført av organisasjonar, så har den mykje større effekt på risikovurderinga enn dersom terroren opplevast å vere tilfeldig og gjort av enkeltståande som ikkje høyrer til noko organisasjon. Då kan folk til og med oppleve det motesette, seier Wolff.
Dei same observasjonane gjorde forskarane etter terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011.
– Norge er trygt
Angrepa kravde 77 menneskeliv, men i etterkant opplevde folk Norge som eit tryggare land, seier Wolff.
– Gjerningsmannen var teken, og då får folk ein idé om at «lynet slår ikkje ned to gonger på same stad», seier Wolf. Ho meiner Norge er, og blir, opplevd som like trygt som før.
– Det har vi mange data på. Når vi årleg spør turistar kvart einaste år om kor trygt dei opplever Norge, så gir opp dei alltid det same snittalet. Norge blir opplevd som eit veldig trygt reisemål, seier Wolff.
– Vil ikkje påverke
Bombetrusselen mot Flåmsbana, som med sine 926.500 reisande er ein av Norges største turistattraksjonar, sette ein støkk i ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.
Han er samd med forskaren, og trur ikkje at hendinga påverkar turistnæringa i regionen.
– Det er ikkje berre mykje flott å oppleve, men Skandinavia, Norge og Vestlandet er også trygt å reise til, seier han.