NRK Meny
Normal

Væpna politi sjekka tog etter falsk bombetrussel

I dag tidleg blei det sett fram ein falsk bombetrussel mot Flåmsbana i Aurland kommune. Personen som sette fram trusselen er arrestert ein annan stad i landet.

væpna politi i Flåm

UNDERSØKTE TOGSETTA: Væpna politi gjorde undersøkingar av togsetta som stod på Flåm stasjon saman med mannskap frå togstasjonen.

– Vi har fått melding om at nokon ville sprenge Flåmsbana, seier politiinspektør Odd Arve Solvåg til NRK.no klokka 10. Trusselen skal ikkje ha vore retta mot eit spesielt tog eller ein spesifikk avgang, men generelt mot Flåmsbana.

NRK fekk like før klokka 09.30 måndag morgon stadfesta frå operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt i Florø at det var sett fram ein uspesifisert bombetrussel mot Flåmsbana. Dette er ein av dei største turistattraksjonane i Norge.

Situasjonen skulle på det tidspunktet vere avklart. Det er ikkje gjort funn av noko bombe, sa operasjonsleiaren til NRK.no klokka 09.35.

I ei pressemelding skriv politiet at trusselen vart ringt inn frå eit synleg telefonnummer. Søk i interne register gjorde at politiet ikkje fann grunn til å oppgradere trusselen til å vere reell.

Bombetrusselen mot Flåmsbana kjem to dagar etter at ein 17-åring vart arrestert og sikta etter funn av ei sprengladning i Oslo.

Har arrestert person ein annan stad i landet

Det var Sogn Avis som først melde om situasjonen på Flåm stasjon, der politiet i føremiddag har rykt ut med fleire uniformerte politibilar.

NRK får stadfesta frå fleire politikjelder at ein person er arrestert, mistenkt for å ha sett fram truslar om at det skal vere ei bombe på eit av togsetta på Flåmsbana.

Ifølgje pressemeldinga bur innringaren i eit anna politidistrikt. Vedkommande er teken hand om av politiet i dette distriktet. NRK får stadfesta ved Sør-Øst politidstrikt at ein person er arrest i deira område i forbindelse med trusselsaka i Flåm.

– Trusselen er komen inn via andre, og så til politiet, seier Solvåg.

Han vil ikkje seie noko om kjønn eller alder på vedkommande som er arrestert.

Politiet på plass ved Flåm stasjon

TRUSSEL MOT FLÅMSBANA: Innringaren kom med ein generell trussel mot Flåmsbana, og politiet rykte ut med fleire uniformerte bilar til togstasjonen i Flåm i Aurland kommune.

Foto: NRK-tipsar

Gjorde undersøkingar av togsetta

Polititenestemenn har, saman med mannskap frå NSB, gjort undersøkingar av togsetta. Det eine togsettet fekk reise frå stasjonen, 40 minutt forseinka.

Mellom 50 og 60 reisande venta på å kome med toget, men måtte vente medan det vart gjort undersøkingar.

– Vi har gjort ein manuell gjennomgang av toga og klarert dei. Slik situasjonen er no, ut frå dei opplysingane vi har, er situasjonen avklart. Saka blir etterforska på vanleg måte av politiet, seier Solvåg.

Flåmsbana er ein av dei største turistattraksjonane i Norge. I fjor tok 926.500 reisande den spektakulære togturen mellom Flåm og Myrdal. Flåmsbana fylte 75 år i 2016.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.