Hopp til innhold

Ekstremismeforskar : – Bombetruslar er øydeleggjande for tilliten i samfunnet

Truslar om bombing har same effekt som eit reelt terrorangrep. Det meiner ekstremismeforskar Lars Gule.

Lars Gule

INSPIRERT: Ekstremismeforskar Lars Gule meiner personen som måndag sende bombetruslar mot Flåmsbana kan vera inspirert av alle terrorangrepa i det siste.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Ofte er truslar berre truslar, men det er heilt øydeleggjande for tilliten i samfunnet. Målet til terror er å skapa frykt i befolkninga og akkurat den effekten kan truslar også ha, seier ekstremismeforskar Lars Gule ved høgskulen i Oslo og Akershus.

Måndag morgon trua nokon med å sprenga Flåmsbana og væpna politi rykte ut, men det vart ikkje gjort bombefunn på toget.

Inspirert av Stockholm

Den siste tida har det vore fleire terrorangrep og truslar. Fredag vart fleire personar drepne då ein varebil køyrde ned folk i Drottninggatan i Stockholm og laurdag kveld vart ei sprengladning funne i Oslo.

Gule trur hendingar som dette kan ha inspirert mannen som sende bombetrusselen mot Flåmsbana.

– Heilt klart. Då har vedkommande sett at folk vert skremd og opprørt. Då ønsker dei sjølv å skapa den same frykta, seier Gule.

– Dette kan vera nokon som søker merksemd om seg sjølv eller som rett og slett har gjort ein vondsinna spøk, fordi vedkommande syns det er morosamt å skremme andre, seier han.

Etter terrorangrepet i Sverige har norsk politi blitt midlertidig væpna og fram til trusselbildet har roa seg.

væpna politi i Flåm

FLÅMSBANA: Væpna politi rykte ut til bombetrusselen mot Flåmsbana måndag.