Politiet fekk ved 14-tida tysdag melding om ein semitrailer frå Litauen som hadde sett seg fast på E16 over Filefjell.
Føraren skal ikkje sjølv ha fått tak i nokon som kunne hjelpe han ut av grøfta, og det var slutt politiet som kontakta bilberging. Dermed gjekk det litt tid før vogntoget vart fjerna, og i mellomtida byrja det hope seg opp med store bilar på kvar side.
Små bilar kunne passere, men vogntog og bussar måtte pent vente. Bilbergar Anders Frydenlund ved Viking i Lærdal seier det var rundt 20 store køyrety som stod i kø då han til slutt fekk drege med seg lastebilen.
– Det eine hjulsettet hadde sklidd ut, og då kjem ein seg ikkje vidare utan hjelp, seier Frydenlund til NRK.no.
Semitraileren står no på parkeringsplassen utanfor Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken. Og no er det denne sjåføren som må vente litt. Han får ikkje sleppe vidare før han har betalt for bergingsoppdraget. Uansett om det tek tid.
Ifølgje Frydenlund ser det ikkje ut til at det vil skje før onsdag.
– Han må stå til det er betalt, seier bilbergaren.
At bilbergarar må vente på betaling for oppdrag er ikkje noko nytt. Ved fleire høve kvar vinter må dei hindre lastebilsjåførar i å køyre vidare.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: