Hopp til innhold

Sjåførar fekk 60.000 i bot

For lite søvn og kvile kosta ein nederlandsk og ein ukrainsk sjåførar svært dyrt natt til torsdag. Begge køyrde for det same nederlandske selskapet.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA: To utanlandske yrkessjåførar må ut med høvesvis 25.000 og 35.000 kroner i bot for grove brot på køyre- og kviletidsreglane etter ein kontroll på Håbakken.

Foto: Statens vegvesen

Dei to vart natt til torsdag stogga av Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal. Kontrollane synte store manglar på døgnkvile og pausar, samt lange dagar med mykje kontinuerleg køyring, skriv Sogn Avis.

Dei to førarane fekk høvesvis 35.000 og 25.000 kroner i bot. Dei fekk også forbod mot å køyre i Norge dei neste 11 og ni månadene.

– Sjåføren av det eine vogntoget si kviletid var ved fleire høve i underkant av fem timar og ein gong nede i 59 minutt. Den andre hadde kvilt i knappe tre timar, i tillegg hadde han prøvd å dekkje over ugjerninga ved å køyre på ein annan sjåfør sitt løyve, seier Gunnar Brevik ved Statens vegvesen til avisa.

18 timar i strekk

Brevik seier sjåførane er pålagde ei kviletid på minimum ni timar i løpet av 24 timar. Når køyretida er 4,5 timar er ein pålagd å stogge i 45 minuttar. Dei to sjåførane køyrde det firedoble utan stogg, skriv Sogn Avis.

Torgeir Bang

GROVT: Torgeir Bang er avdelingsingeniør i Statens vegvesen.

Karane hadde køyrt over 18 timar i strekk. I tillegg var det også manglar på kjettingane.

– Dette er den grovaste brotet vi har sett av køyre- og kviletidsreglane på Håbakken. Normalt plar det bli bøter på 10.000-15.000 kroner og inndraging av førarkort i tre månader. Det seier noko om alvoret i denne saka, seier avdelingsingeniør Torgeir Bang til NRK.no.

Vart fortvila

Bang legg til at lovbrota ligg noko tilbake i tid, og vart avdekka då kontrollørane gjekk igjennom fartsskrivaren til køyretya. Statens vegvesen kan kontrollere køyre- og kviletida 28 dagar tilbake i tid.

– Det er klart at førarane blir veldig fort fortvila når dei skjøner følgjene av det dei har gjort. Begge innsåg at det var dumt, men sa også at dei hadde krav frå sjefane sine om å køyre slik, seier Bang og legg til at sakene også er oversendt styresmaktene og bedriftskontrollen i Nederland.

Bør sjå på selskapet

– Det gjer vi fordi brota er så store og grove at vi ynskjer at bedriftskontrollen går inn og ser på drifta av selskapet. Det er klart at dette er ein stor konkurransefordel for verksemda om dei driver slik, seier Bang og legg til at selskapet ikkje er kjent for dei frå før.

Den eine føraren har derimot blitt stogga ein gong før på Håbakken for brot på køyre- og kviletida.

– Då var ikkje brotet verre enn at han vart pålagd ein pause, seier Bang.

Må ut av landet

No er saka meldt til politiet og Bang rosar Sogn og Fjordane politidistrikt og Lærdal lensmannskontor for å få saka så fort avgjort. Køyretya vart beslaglagde til bankgarantien var i orden.

– Når bøtene er betalte, så plar førarane få ta køyretya sine ut av landet. I denne saka får dei køyre ferdig lasta, men så må dei ut, seier Bang.

Ifølgje Sogn Avis vart i tillegg fem køyrety stogga for overlast, medan to mangla kjetting.