Hopp til innhold

Sikra ikkje syltetøyet- fekk bot

Ein vogntogsjåfør har fått 9500 kroner i bot etter at han ikkje sikra 22 pallar med syltetøy.

Pallane med syltetøy stod usikra i lastebilen

USIKRA: Pallane med syltetøy stod usikra i vogntoget.

Foto: Privat

Det var i august 2011 at vogntogsjåføren i 40-åra vart stoppa for rutinekontroll ved Håbakken i Lærdal. Kontrollørane fann 22 pallar med syltetøy til ei samla vekt på 11550 kilo i hengaren.

Ikkje sikra med stropper

Problemet var at lasta ikkje var sikra med stropper, slik regelverket krev. Vogntoget var på veg frå Haugesund til Trondheim då det vart stoppa. Kvar palle vog 525 kilo.

Kun bruk av presenning

Vogntogsjåføren meinte på si side at det ikkje var behov for å sikre lasta med stopper. Han meinte det var umuleg at lasta ville skli fordi det var sklisikkert materiale på golvet. Vidare meinte han at presenninga var tilstrekkeleg sikring.

Brot på regelverket

Retten meinte imidlertid at sikringa ikkje tilfredsstiller krava i gjeldande forskrifter, og gav vogntogsjåføren ei bot på 9500 kroner. Sjåføren må også ut med 3000 kroner i sakskostnader.