Hopp til innhold

Politimelde dobbelt så mange sjåførar som i same periode i fjor

Berre i januar i år vart 37 lastebilsjåførar politimelde av Vegvesenet etter at dei vart stogga på kontrollstasjonen i Lærdal. Det er over dobbelt så mange som i same periode i fjor.

Thormod Gausdal

UROA: Talet på politimeldingar og andre reaksjonar i den første månaden av året er urovekkjande høgt. Det meiner seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen er uroa over rapporten frå årets første månad.

Rett nok vart det kontrollert fleire køyrety i januar i år enn i fjor, men dette kan likevel ikkje åleine forklare den veldige auken, seier han.

– 37 er alt for mange, dette er grove brot, seier han til NRK.no.

– Langt over grensa

Trygge forhold på vegen for alle er noko av det aller viktigaste for Vegvesenet. Ein viktig del av arbeidet skjer gjennom kontrollar av tunge køyrety, på kontrollstasjonen i Lærdal stoggar dei kvart år tusenvis av vogntog og semitrailerar.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

KONTROLLSTASJON: Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kontrollstasjonen her ligg midt mellom Oslo og Bergen, og i rundkøyringa like ved reknar ein med at det kvar dag rundar over 650 tyngre køyrety.

Rapporten for kontrollaktivitet i januar gir grunn til uro meiner Gausdal. Han likar svært dårleg at talet på sjåførar som har blitt politimelde nesten har dobla seg i høve same månad i fjor.

– Dette er mykje. For å bli politimeld skal du ha gått langt over grensa. Då er det ikkje berre å rette opp att i ting, då har ein gjerne visst om problemstillinga i det ein har lagt ut på vegen, seier han.

– Tøff tid for bransjen

Tyrkar stogga i Lærdal

STOGGA: Dette køyretyet vart nyleg stogga i Lærdal med alt for tung last.

Foto: Statens vegvesen

Sjølv om kontrollørane til Vegvesenet er stadig oftare på plass på kontrollstasjonen, kan ikkje det åleine forklare den veldige auken, meiner han.

Han trur auken i talet på både politimeldingar, bruksforbod og gebyr for overlast heng saman med at bransjen har det tøft.

– Vi har fått fleire folk og er her oftare, og det kan hende vi er blitt flinkare. Men det kan også tyde på at situasjonen på vegane er blitt tøffare for dei som driv med transport, seier han og utdjupar.

– Konkurranseforholda er tøffare, det er sett ut på anbod og det blir pint ned.

– Kanskje er freistinga stor til å gjere ting ein ikkje burde gjere, seier Gausdal.

Resultat frå kontrollane (tal frå 2012 i parentes):

  • Tal kontrollerte køyrety 490 (311)
  • Tal med skriftlege manglar 212 (113)
  • Tal bruksforbod 205 (129)
  • Tal politimeldingar/skriftlege rapportar 37 (19)
  • Tal vektgebyr etter overlast 36 (23)

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

KONTROLL: Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland har travle dagar på kontrollstasjonen i Håbakken.

Foto: Anna Gytri / NRK

Brot på kviletida

Av dei 37 førarane som er politimelde gjeld fire av dei tilfelle der sjåføren har blitt stogga med betydeleg overlast. I 20 av sakene er det snakk om alvorlege brot på køyre- og kviletida.

Sjåførane er mellom anna pålagde ei kviletid på minimum ni timar i løpet av 24 timar.

– Ein del av brota vi ser er grove.

– Når du ser førarar som har køyrt i 26 timar, og hatt den lengste pausen på ein time, då trur eg kven som helst hadde vore sliten og hatt nedsett reaksjons- og observasjonsevne, seier Gausdal.

Førarkortbeslag

Dei siste 13 er saker om andre forhold, som til dømes det å ikkje stogge for kontroll. Mangle førarrett eller manglande yrkessjåførkompetanse, eller andre brot i forhold til reglar for bruk av køyretyet.

Av dei 37 sjåførane som er politimelde har fem av sjåførane allereie fått inndrege førarkortet. Alle er utanlandske førarar og hadde brote køyre- og kviletida.

– Dei norske førarane får sine saker handsama i ordinær saksgang og er dermed ikkje avgjort enno, forklarar Gausdal.

Appellerer

Han lovar at Vegvesenet skal halde oppe trykket på kontrollar i månadene framover, men håpar sjølvsagt at trenden skal snu.

– Vi må berre følgje opp kontrollane, men samtidig vil eg appellere til transporteigarane og til transportørane som driv med dette.

– Vi er nøydde til å ha fokus på tryggleik i trafikken, er den innstendige bøna hans.