Hopp til innhold

Over 100.000 har fått den fjerde dosen med koronavaksine

Fleire kommunar er i full gang med å tilby personar over 75 år ein fjerde dose av koronavaksinen. Over 100.000 personar har no fått oppfriskingsdosen.

Kvinne snakker med mann som skal få vaksine

Snart 130.000 personar har fått fire dosar med koronavaksine. Fredag var det Rolf Juvets tur.

Foto: Anders Haualand / NRK

I sommar har vi sett ei lita oppblomstring av covid-19 i Noreg. Ifølge vekerapporten til FHI som kom i førre veke, har vi no passert toppen av denne sommarbølga.

Vi ser også ein nedgang i innlagde på sjukehus med covid-19 som hovudsak dei siste vekene.

Samtidig oppfordra FHI kommunane til å tilby ein fjerde dose til dei som bur på sjukeheim og dei som er over 75 år allereie no i sommar.

Kristin Salvesen Molstad Andresen

Leiaren for smittevernavdelinga i Ringerike kommune, Kristin Salvesen Molstad Andresen, seier dei har fått ein travel sommar.

Foto: Anders Haualand / NRK

Fleire kommunar har følgd oppmodinga. Blant dei er Ringerike, som sette i gang med å sette oppfriskingsdosar etter at dei såg ein auke talet på innleggingar, skriv Ringerikes blad.

– Vi skulle ha starta med dette i september, men så såg vi at den nye varianten av covid smitta veldig lett. Då FHI oppmoda oss til å komme i gang før, gjorde vi det, seier leiar for smittevernavdelinga i Ringerike, Kristin Salvesen Molstad Andresen, til NRK.

Mange som takkar ja

Dei første pasientane fekk den fjerde dosen allereie i november i fjor, viser statistikk frå FHI. Men i starten av juli gjorde talet på vaksinerte eit byks. Onsdag var det 128.000 personar som hadde fått ein fjerde dose.

Også i Ringerike kommune er det mange som har takka ja til tilbodet om ein oppfriskingsdose.

Mann får koronavaksine. Rolf Juvet

Rolf Juvet (83) fekk påfyll med vaksine fredag.

Foto: Anders Haualand / NRK

Ein av dei som fekk sitt fjerde stikk fredag var 83 år gamle Rolf Juvet. Han seier det var greitt å få det unnagjort no.

– Det er jo bra, det. Då slepp ein å gå rundt å tenke på det. Då er det sikkert i orden.

Er du bekymra for å bli smitta?

– Nei. Det har gått bra til no, så då reknar eg med at det kjem til å gå bra vidare også, seier han.

Travel sommar

Det har vore utfordrande for enkelte kommunar å sette i gang med ein ny runde med koronavaksinar samtidig som at det er mange tilsette som er på ferie. Og på toppen av dette aukar også etterspurnaden etter reisevaksinar.

Men for Ringerike har dette gått greitt, seier Andresen.

– Vi har klart å få inn litt fleire tilsette for å vere i beredskap, slik at vi har litt ekstra bemanning i sommar samanlikna med tidlegare somrar. Og så får vi hjelp av kollegaer som er helsesjukepleiarar, gjerne på skular, som har litt ekstra tid no i sommar.

Les også Her står dei i kø for å ta fjerde vaksinedose

Kø utenfor Time Rådhus for å få fjerde vaksinedose.

I september får nye grupper tilbod om ein fjerde dose med koronavaksinar. Då er det alle over 65 år og dei som har underliggande sjukdommar som står for tur. Det er foreløpig ikkje avgjort om andre grupper skal få tilbod etter det.

AKTUELT NÅ