Hopp til innhold

Sverige likestiller lesbiske foreldre – ber Noreg følgje etter

Lesbiske par i Sverige skal automatisk bli foreldre til barna. I Noreg blir mannen mor er gift med automatisk far til barnet, men det same gjeld ikkje for lesbiske par. No går fleire parti inn for å endre lova.

Friederike Urbassek Hoffmann og Luciane Hoffman Urbassek heime i hagen i Bergen

FORELDRE: Luciane Hoffmann Urbassek og Friederike Urbassek Hoffmann er foreldre til to gutar, men berre Luiciane er juridisk mor til barna.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Dette er eit stort gjennombrot for likestilling av regnbogefamiliar, seier Friederike Urbassek Hoffmann om lovendringa i Sverige.

NRK fortalde i fjor historia om då ho og kona valde å få barn saman med ein homofil ven.

I Sverige har det til no berre vore kvinna som har fødd barnet som automatisk har blitt juridisk mor. Den svenske regjeringa endrar no lova slik at medmor slepp å søke om å bli juridisk forelder.

Likestillingsminister Märta Stenevi seier til Aftonbladet at det vil sikre ei juridisk tilknyting mellom barnet og begge foreldra raskare enn i dag.

– At også likekjønna par no får fastsett foreldreskap automatisk i Sverige, er noko vi har tatt til orde for i Noreg.

Det seier leiar Inge Alexander Gjestvang i organisasjonen FRI.

Får ikkje bli juridisk mor

I Noreg blir mannen mor er gift med automatisk juridisk far til barnet i heterofile par, men det same gjeld ikkje for lesbiske par.

På førehand var avtala at Luciane Hoffmann Urbassek og Friederike Urbassek Hoffmann skulle vere juridiske foreldre til barnet. Medan Luciane blei juridisk mor fordi ho fødde barna, måtte Friederike søke om stebarnsadopsjon. Den fekk ho ikkje innvilga, fordi barna hadde ein kjent far som deltok aktivt i liva deira. Også andre lesbiske par har fått avslag.

Friederike Urbassek Hoffmann, Luciane Hoffman Urbassek og Tore Lirhus saman med tvillingsønene.

TRE FORELDRE: Familien frå Bergen meiner regelverket ikkje er tilpassa dei. SV meiner regelverket også må gjere det mogleg å finne ei løysing for slike familiar.

Foto: Privat

Frykta for å ikkje få innvilga juridisk morskap, har ført til at fleire lesbiske par lyg til norske myndigheiter om korleis barna har blitt til.

Vil ha lovendring

Det er Barnelova som regulerer foreldreskap i Noreg. Eit forslag til ny og moderne barnelov er no ute på høyring. FRI håpar lesbiske par vil bli likestilte med heterofile i den nye lova, og får støtte frå fleire parti.

– Eg meiner det kan vere den enklaste og mest praktiske måten å sikre at begge foreldra får rett tilknyting til barnet sitt. Det er betre tilpassa røynda i 2021, med det mangfaldet av familiar vi faktisk har.

Det seier Freddy André Øvstegård, stortingsrepresentant for SV.

Også Arbeidarpartiet vil støtte ei slike lovendring, seier stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen til NRK.

Høgres representant i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Kristin Ørmen Johnsen,er positiv men seier partiet ikkje har diskutert dette enno.

– Fyrst må vi ha ei grundig utgreiing, for her er det mange vanskelege problemstillingar.

Ho meiner blant anna det vil vere utfordrande å lage eit lovverk som også gjeld for foreldreskap for homofile par, sidan surrogati ikkje er lovleg i Noreg.

FORKJEMPER: Inge Alexander Gjestvang er leder i FRI- Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. Deres mål er et samfunn der alle åpent kan leve ut sin seksuelle orientering, kjærlighet, kjønnsidentitet og sine kjønnsuttrykk basert på likeverd og samtykke uten fare for å bli diskriminert eller trakassert.

ENDRING: FRI og leiar Inge Alexander Gjestvang vil gjere den såkalla Pater Est-regelen kjønnsnøytral, slik at den som er gift med mor automatisk blir forelder til barnet, uavhengig av om det er ei ein mann eller ei kvinne.

Foto: PRESSEARKIV

Kjem med forslag til Stortinget

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad vil ikkje kommentere konkrete forslag, sidan forslaget til ny barnelov framleis er ute på høyring. Statssekretær Ingvild Ofte Arntsen (KrF) seier dei vil gå gjennom innspela og så legge fram forslag for Stortinget.

– Tidspunktet er ikkje klart, men det er mange viktige problemstillingar å avklare og dette har høg prioritet i departementet.

Regelendringa i Sverige skal etter planen gjelde frå januar 2022.

– Vi likar jo ofte elles å samanlikne oss med Sverige, men når det gjeld skeive sine rettar er vi ikkje alltid like på. Her kan vi vere litt framsynte og i takt med våre naboar i aust, seier Inge Alexander Gjestvang i FRI.